Gå til sidens hovedinnhold

– Må få større hjorteområde

Artikkelen er over 15 år gammel

ÅLFOTEN: – Bestandsplanane må omfatte mykje større område enn dei fleste opererer med i dag.

- Helst burde heile halvøya mellom Nordfjorden og Norddalsfjorden vore med.

Det er leiar for hjorteutvalet i Bremanger, Per Lars Sande, som seier dette i ein samtale med Firdaposten.

– Merkeprosjektet i Nordfjord har gitt oss ein fantastisk god kunnskap om hjorteviltet og trekkrutene i Nordfjord. Kunsten er å utnytte dette, sette klare og realistiske mål, og arbeide ut frå ei samla forståing for å nå desse, held han fram.

Merkeprosjektet vart starta for fem-seks år sidan, og i perioden er det merkt 191 dyr. I Ålfoten vart det merkt 15 dyr i starten av prosjektet. Det viser seg at ein stor del av dyra (ca. 44 prosent) er svært stadbundne, medan resten kan trekke over store område. Blant anna vart det skote dyr i Jølster og på Nesbø som tidlegare var merkte i Ålfoten, gjekk det fram av evalueringa av prosjektet.

Så seint som i haust vart det merkt ein del dyr i Isane/Davik-området, og desse vil ein få kunnskap om etter som tida går.

– Svært nyttig

Både fagkonsulent Bjørn H. Marthinussen i Bremanger kommune og Per Lars Sande var med på møtet i Ålfottunet laurdag, der Odd Rønningen fortalde om merkeprosjektet. Nærare 60 personar, for det meste jegerar og skogeigarar, deltok på samlinga.

Viltforvaltninga i Nordfjord-kommunane har styrt med prosjektet der Norsk Hjortesenter på Svanøy står fagleg ansvarleg. Blant andre Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har gått inn med midlar, og Bremanger kommune har gått inn med 25 000–30 000 kroner årleg.

– Eg synest det var eit svært nyttig møte. Odd Rønningen er ein kapasitet på viltforvalting og er den som har gått i bresjen for dette, seier Sande.

Altfor små område

– Mykje av det som kom fram har vi trudd var slik, og for ei god forvaltning er det viktig å få det stadfest, for det er avgjerande kunnskap om ein vil forvalte hjortestammen på ein god måte, seier Sande vidare.

– Konklusjonen er at bestandsplanar for eit par-tre tusen mål er heilt verdlause. Når dyra trekkjer frå Jølster til Nesbø, seier det seg sjølv at det må lagast bestandsplanar for mykje større område, delvis kommuneovergripande, for at det skal få full effekt. For vi deler i realiteten ein felles bestand, seier han vidare.

– Korleis er det i Bremanger?

– Vi har greidd å etablere to storvald. Vestre Kvarven er i praksis halvøya nord for Svelgen på 70 000 deker. Den andre er nordre delen av halvøya som har felles grense mellom Flora og Bremanger kommunar. Sjølv meiner eg det er viktig å sjå på valdstrukturen i heile kommunen, då felles forvaltning er viktig for å nå dei mål vi set oss, seier Sande.

Resultat

– Har du eksempel på mål og resultat de har sett i dykkar vald?

– Vi har lagt oss på femårsplaner, då vi meiner at tre er for lite. Eit hovudmål har vore å jamne ut kjønnsskilnaden for å få meir bukk inn i området. For tre år sidan var det så ille at det berre var ein bukk på sju koller. No har vi ein bukk på to koller. Vidare prøver vi å ta ut 25 prosent kalv og er godt på veg, sjølv om vi ikkje har oppnådd dette fullt ut, seier Sande.