Tiandeklassingane frå Eikefjord skule reiste måndag til Shetland med seglskuta «Loyal». Dei skal få jobbe i skift undervegs, og håpar på å få litt opplæring i seglekunst frå det erfarne mannskapet.

– Nokre av oss er litt redd for å bli sjøsjuk, fortel ein av tiandeklassingane, Thomas Hallstensen.

Dei kunne ikkje valt ei betre veke til å reise over havet. Det er meldt strålande sol og roleg hav. Men turen byr likevel på visse utfordringar.

– For nokre blir det vanskeleg å vere utan wifi så lenge, seier Hallstensen og ser bort på ein kompis som spelar på mobiltelefonen.

– Det blir vel kanskje litt poker på kveldane, konstaterer han.

Elevane har planlagt museumsvitjing, utflukter for å oppleve naturen, smake på god mat og til sist blir det ein tur innom badeland.