Gå til sidens hovedinnhold

Lovar møte om 45-minuttsregionen

Artikkelen er over 12 år gammel

Fylkesordførar Nils R. Sandal ønskjer fortgang i handsaminga av 45-minuttsregionen i fylket.

11. mai i år sendte ordførarane i Flora, Bremanger og Vågsøy kommunar brev til Sogn og Fjordane fylkeskommune ved ordførar Nils R. Sandal, der dei bad om ei snarleg realisering av 45-minuttsregionen.

– Eg skal vedgå at det ikkje har skjedd så mykje med saka i sommar. Og eg forstår at folk er utolmodige. Vi har hatt ei haldning om at 45-minuttsregionen burde vere ein del av den totale prioriteringa av fylkesvegar, og at vi må sjå denne saka i samanheng med utarbeidinga av fylkesvegplanen for 2010 i desember.

Men no lovar fylkesordføraren fortgang i prosessen.