Gå til sidens hovedinnhold

Lokkar heim lovande studentar

Artikkelen er over 17 år gammel

FLORØ: IT-student Rajeevan Gnanendra frå Florø er den tredje ungdommen som gjennom IT-selskapet Mercatus har får jobbe med eit eige utviklingsprosjekt, gjennom det såkalla SMK-prosjektet til hø gskulen i Sogndal.

Dei to andre har i dag fast jobb i selskapet. Gnanendra som har vakse opp i Florø, og har studert IT ved Greenwich College i London i to år. No er han heime i Florø for å jobbe fram eit eige IT-basert prosjekt om fiskesjukdomar for suksessbedrifta Mercatus. Han ser gjerne at dette kan vere starten på at han blir verande i Florø. I går var Anders Fitje ved høgskulen i Sogndal i Florø og underteikna kontrakt med Mercatus. Fitje er prosjektleiar for næringsretta høgskulesatsing og førstelektor for reiseliv ved høgskulen.

Kjekt

– Det er kjekt å kome hit. For kvar gong vi er innom, har Mercatus vakse seg litt større, seier han

Med dette går høgskulen inn med 80.000 kroner i lønsmidlar til Gnanendra og utviklingsprosjektet. I tillegg stiller høgskulemiljøet med eigen rettleiar. Det er faktisk tredje gong at Eikeland og Mercatus får eit slikt utviklingsprosjekt knytt opp mot ein ung og lovande student.. I dag arbeider begge dei to andre heldige ungdommane i selskapet.

– For oss har dette vore ein fin måte å drive utviklingsarbeid på og samstundes rekruttere flinke folk heim att til Florø, seier dagleg leiar Knut Eikeland i Mercatus.

Rekruttering

Til saman har høgskulen administrert eit førtitals slike SMK-prosjekt for små og mellomstore bedrifter her i fylket. Sjølvaste forskingsrådet syter for pengane.

– Bedriftene må stille med ein god idé som så blir vurdert av fagfolk frå høgskulen. Høgskulen skjeglar også litt til variert fordeling geografisk og til ulike bransjar. For høgskulen er dette blitt ein fin måte å få kontakt med med næringslivet på. Kvart prosjekt varer i eitt år, fortel førstelektor Fitje.

– Hadde eg ikkje fått dette tilbodet, hadde eg måtta studert eit år til. Eg hadde mykje meir lyst å kome heim til Florø til prosjektet, seier Gnanendra. Så er det heller ikkje billeg å studere i London. Eit studieår i metropolen kostar fort 7000-8000 pund.

Hotellprosjekt

Også Quality Hotel Florø har gåande ein SMK-prosjektavtale med høgskulen.

Janka Nedreberg (28), som i sommar kom heim til Florø etter tre års studiar i Sidney i Australia med ein bachelor grad i forretning og reiseliv, jobbar fram eit prosjekt som skal kartlegge kva tidlegare hotellgjester var nøgde med og kva dei ville ha betre.

– Slike marknadsundersøkingar er viktig arbeid for oss å få gjort, men blir ofte forsømt. SMK-prosjektet gjer det no muleg å få dette til. Nedreberg har prosjektet som halv jobb og jobbar den andre halvparten i resepsjonen på hotellet.

– Det er kjekt å vere i Florø og jobbe med prosjektet. I Australia lengta eg veldig heim. Men eg har framleis sterk utferdstrong, så eg tvilar likevel på at eg blir verande i Florø så veldig lang tid, seier Nedreberg.