Gå til sidens hovedinnhold

– Lever blyhagla til politiet

Artikkelen er over 16 år gammel

FLORØ: Om vel ein månad startar den første småviltjakt-sesongen med totalforbod mot bruk av blyhagl. No oppmodar Norges Jeger- og Fiskerforbund alle som har ulovleg ammunisjon om å levere denne ved nærmaste lensmannskontor.

Det er gjort ein avtale om at alle som framleis har haglpatroner med blyhagl, vederlagsfritt kan levere desse på nærmaste lensmannskontor. Når avhendinga er gjort, oppmodar NJFF alle seriøse jegrar om å ta seg ekstra god tid til trening på leirduebanene rundtom i landet. Stålhagl og anna ammunisjon med erstatningsmateriale for bly har ofte heilt andre eigenskapar enn dei gamle blyhagla. Treffpunkta er annleis, spreiing av hagla likeså. Den einaste sikre måten å førebu seg på er difor å prøveskyte med dei hagltypane ein skal bruke på jakt, samt å trene meir.

Dersom du er usikker på kva du kan putte i børsa til hausten, kan du gå inn på NJFF sine heimesider; www.njff.org, og laste ned ein informasjonsbrosjyre som tek føre seg dei ulike alternativa.

Den første småviltjakta startar allereie 10. august, med gåsejakt. Deretter kjem andejakta, før det verkeleg store sleppet av jegrar kjem 10. september, når rype-, hare- og skogsfugljakta tek til.