Lesarane avgjer

Artikkelen er over 15 år gammel

FLORØ: Firdaposten har sett gjennom 2004 og funne fram til 12 kandidatar vi meiner fortener tittelen årets namn i Firdaposten. No kan lesarane stemme fram sin eigen vinnar blant dei nominerte.

DEL

Kåringar er populært og noko ein tidvis kan oppleve det går inflasjon i. I Firdaposten har vi ikkje mange, så årets namn er noko som heng høgt. Det ligg fleire kriterium til grunn for det utvalet vi har kome med. Sjølv om fleire gjerne vil hevde at det skulle vore andre namn på denne lista, kjenner vi oss trygge på at vinnaren er eit namn som har utmerkt seg spesielt i Flora og Bremanger gjennom 2004.

På nettsidene til Firdaposten vil ein boks med kandidatane liggje ute på høgre side. Her er det høve til å gi si stemme ut januar månad. Det er verdt å merke seg at det berre er høve til å stemme på ein av dei 12 kandidatane og at kvar datamaskin berre kan stemme ein gong. Dermed skulle vi tru at den som får mest stemmer, er ein verdig kandidat og ikkje berre resultat av ein har sete natta igjennom i ein kjellar og stemt for alle.

Artikkeltags