Lerum får Mållagets næringslivspris

Artikkelen er over 10 år gammel

I dag deler Noregs Mållag ut Nynorsk næringslivspris for første gong. Og prisvinnaren er sogndalsverksemda Lerum AS.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

I grunngjevinga peikar juryen på at Lerum har fått nynorsken ut til heile landet, i butikkar, på bordet og langs vegane. Produkta har nynorske tekstar på seg, og for nokre år sidan tok Lerum ein stor kostnad med å omprofilere alle dei 25 vogntoga sine, slik at alle slagord og tekstar stod skrive på nynorsk.

– Det er ei stor glede for oss å gje prisen til ei verksemd som så førebiletleg nyttar nynorsk i all kommunikasjon med marknaden. Dei er eit godt føredøme for andre verksemder som står på spranget til å ta i bruk nynorsk i marknadsføring, kundekommunikasjon og i bransjerelasjonar. seier juryleiar Berit Rekve, som kallar Lerum for eit nynorsk industrieventyr.

Lerum får også ros for at nettsidene deira blir redigert på god nynorsk. Prisen blir delt ut på Bocca bar i Bergen fredag føremiddag.

Artikkeltags