Søket etter den sakna Randulf Bendiksen pågår framleis. Operasjonsleiar ved Vest politidistrikt Espen Gulliksen fortel at det skal vere eit møte mellom felles operativ eining og fungerande politistasjonssjef Synnøve Domben seinare i dag, der det vil bli treft tiltak om søket skal haldast oppe gjennom helga eller om dei skal vente til måndag. 

Det var kokka 17.54 torsdag at politiet melde om at det er sett i verk ein leiteaksjon i Osen etter funn av ein båt på rek like ved Osstrupen bru. Politiet, Redningsskøyta og Røde Kors har søkt i området etter den sakna.

I samråd med familien går no politiet ut med namn på den sakna. Dei ber folk som har vore i kontakt med Randulf Bendiksen, som er heimehøyrande i Flora, om å ta kontakt på telefon 02800. Den sakna vart sist sett tysdag 21. mars i 12-tida.

Mannskapet vil halde fram med leiteaksjonen med lysutstyr no etter at det vart mørkt. Omfanget av leiteaksjonen vidare vil bli fortløpande vurdert, seier Politiets operasjonssentral til Firdaposten.

Firdaposten kjem attende med meir om saka etter kvart.