– Klokka 13.34 torsdag ettermiddag gjorde politiet eit funn av ein omkommen person på austsida av Storevatnet. Søket vart gjort ved hjelp av sonarutstyr. Det seier operasjonsleiar Ole Tom Nord ved Florø politistasjon.

Området vart sperra av etter funnet. Klokka 14.09 vart den omkomne personen bragt i land.

Politiet vil førebels ikkje seie om den omkomne er den sakna Harald André Skåre. Familien er underretta om funnet.

Den omkomne blir no sendt til obduksjon ved Gades institutt.