– Har ikkje gjeve opp håpet om å finne han i live

Søk etter sakna person i området Storevatnet i Florø.

Søk etter sakna person i området Storevatnet i Florø. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Leitemannskapet har ikkje gjeve opp håpet om å finne 45 år gamle Harald Skåre i live.

Etter å ha leitt samanhengande sidan søndag kveld både over og under overflata ved Storevatnet, utan å finne han, held søket fram tysdag og heilt fram til fredag. Det seier etterforskingsleiar Kjell Magne Barsnes ved Florø politistasjon.

Overflatedykkarar i aksjon.

Overflatedykkarar i aksjon. Foto:

– Måndag hadde vi eit omfattande søk på land, der vi finsøkte området som tidlegare vart søkt natt til måndag. Overflatedykkarar frå Røde kors har også leitt under vassflata, saman med båtar med vasskikkert. Det har også blitt forsøkt å bruke dregg i Storevatnet, det kjem dei til å halde fram med i dag, seier Barsnes tysdag morgon.

LES OGSÅ: Leitar framleis kring Storevatnet
LES OGSÅ: Har frigitt namnet på den sakna

Utover veka vil dei leite i eit gradvis større og større område ut frå det sentrale området for søket, som er Storevatnet der dei også har funne den sakna sin mobiltelefon og tobakkspakke.

– Vi leiter etter ein sakna person på land, det er såpass varmt om nettene at vi framleis har håp om å finne den sakna i live dersom han er på land einkvan stad, strekar Barsnes under.

Onsdag kjem ein båt med sonar til Florø for å leite i Storevatnet. Denne vil vere i drift frå torsdag morgon.

Politiet i Florø ønskjer kontakt med alle som var i Florø sentrum, samt Tua, Kleiva, ved Storevatnet og Likkjevatnet natt til søndag. Politiet kan kontaktast på 5775 8861 eller 5775 8863.

Artikkeltags