– Søket vert starta opp igjen no klokka 10.00, seier Olaug Holme, operasjonsleiar ved Politiet Vest i Florø til Firda.

Det vart torsdag kveld sett i gang søk etter ein mann i 50-åra ved Osen bru på fylkesveg 542, nær Stavang utanfor Eikefjord. Etter samråd med familien, gjekk politiet ut med namnet på det sakna. Dei ber folk som har vore i kontakt med Randulf Bendiksen, som er heimehøyrande i Flora, om å ta kontakt på telefon 02800. Den sakna vart sist sett tysdag 21. mars i 12-tida.

Personen vart meldt sakna etter at det vart funnen ein båt rekande i området.

Både dykkarar, Røde Kors, og mannskapet frå politiet deltok i søket, og det vil bli det same i dag.

– Dykkarane kjem til området i 11-tida. I tillegg vil tre redningshundar delta i søket i løpet av dagen, seier Holme vidare.

Søket vil halde fram i same området som det tidlegare har vore søkt i, og politiet skildrar søkjeområdet som krevjande.

– Det er mykje og vanskeleg terreng. Det blir søkt i vatnet og langs land, seier Holme.

– Har politiet fått inn nokon tips i saka?

– Nei, det er ikkje komme inn tips i saka, så vi har ikkje andre spor å gå etter enn båten som vart funnen. Men vi kjem til å snakke med folk vedkommande kjenner som ein del av etterforskinga, seier Holme.