Leitar framleis kring Storevatnet

REDNINGSHUND: Ein ekvipasje frå Norske Redningshunder leiter no i strandsona rundt Storevatnet.

REDNINGSHUND: Ein ekvipasje frå Norske Redningshunder leiter no i strandsona rundt Storevatnet. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Naudetatane, Sivilforsvaret og frivillige mannskap leita natta gjennom etter mannen på 45 år som er sakna kring Storevatnet. Så langt utan å finne han.

LES OGSÅ: Leiteaksjon på gang i Florø sentrum i natt

Mannen, som er frå Florø, vart meldt sakna klokka 20.30 søndag kveld. Kort tid etter tok leiteaksjonen til. Ved midnatt var leitemannskap på plass, mellom anna 13 mann frå Sivilforsvaret i tillegg til Røde Kors og Norske redningshundar. Brannvesenet er også på plass med dykkar som skal leite både i og ved Storevatnet. 

Den siste observasjonen av mannen var mellom klokka 01.00 og 01.30, skriv VG.

Storevatnet.

Storevatnet. Foto:

– Då var han åleine, og hadde vore på fest. Sidan då har ingen verken sett eller høyrt frå han, seier operasjonsleiar Olaug Holme i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Leitemannskapet fann i løpet av natta gjenstandar som tilhøyrer mannen ved Storevatnet, det er difor der ein har sett inn mest ressursar. Ifølge NRK Sogn og Fjordane dreier dette seg om ein genser. Mannskap på staden avviser at denne tilhøyrer den sakna. Vitne fortel også om plaskelydar frå vatnet.

– Vi søker i terrenget rundt vatnet med leitemannskap og gjer både overflatesøk og søker med redningsdykkarar. Samstundes driv vi vanleg etterforsking og undersøker om nokon kan ha sett han eller vore i kontakt med ham, seier Holme til VG tidleg måndag morgon.

I løpet av morgonkvisten mobiliserer Sivilforsvaret mellom 15 og 12 mann lokalt, for å delta i søket.

Firdaposten oppdaterer saka fortløpande.

Artikkeltags