Leiteaksjon i Ålfotdalen

Artikkelen er over 11 år gammel

ÅLFOTEN: Melding om ein naudrakett førte til at politiet slo alarm fredag kveld. Sju personar i frå Røde kors i Svelgen deltok i ein leiteaksjon i Ålfotdalen.

DEL

Klokka 18.00 fredag fekk politiet meldinga frå ein bilførar på veg austover mot Ålfoten på riksveg 614. Ho kunne fortelle ho hadde observert noko ho oppfatta å vere ein naudrakett på sørsida av i Ålfotdalen. Politiet hadde ikkje motteke meldingar om sakna personar eller andre indikasjonar på at nokre var i naud, men meldinga var så tydleg og påliteleg at politiet ville sjekke det vidare.

Røde Kors tilkalla

Sju personar i frå Røde Kors i Svelgen vart tilkalla og vart med politiet ut for å undersøke i området. Dei leita etter spor i snøen, aktivitet på hytter eller bilspor som kunne gi noko informasjon om saka. Etter kvart vart meldar villig til å komme tilbake til staden og fekk rekonstruert opplevinga slik at politiet fekk avgrense søkesektoren. Dei fann då plast på ein utkjørsel som kunne tyde på at det var skote opp ein naudrakett.

Aksjonen avslutta

Klokka var 23.00 og aksjonen vart avslutta. Politiet fortel dei framleis er interessert i å komme i kontakt med den eller dei som var i området ved 18.00 tida fredag kveld. Det var sett ein bil på staden tidlegare på kvelden, men informasjonen politiet då sat med gjorde at dei leita i feil område. Politiet har ikkje motteke noko sakna-melding i ettertid til hendinga.

Artikkeltags