Ein sjåfør mista førarkortet under ein fartskontroll ved Leirgulen i Bremanger i går. Det skriv NRK. Politiet målte farten til 117 km/t i 80-sona, og dermed rauk førarkortet.

Grensa for kor fort du kan køyre under normale forhold i 80-sone er nemleg på 116 km/t.

I tillegg var det tre bilførarar som braut fartsgrensa med noko mindre margin, og måtte ta i mot forenkla førelegg.