Leikar seg til skrivedugleik

Foto:

Av
Artikkelen er over 10 år gammel

Skulen ser tydelege resultat etter to og eitt halvt år med språkprosjekt i Bremanger.

DEL

– Vi på skulen ser stor skilnad på korleis elevane som byrjar i 1. klasse tek bokstavar og tal, samanlikna med korleis det var før språkprosjektet vart sett i kraft. Det seier lærar ved Svelgen oppvekst, Hege Iren Svarstad.

For ti prosent av elevane i Bremanger kommune er språket ei utfordring. Dei treng spesialtilpassa undervisning for lese- og skrivevanskar.

I regi av Utdanningsdirektoratet deltek Bremanger kommune i eit prosjekt der tidleg læring er eit viktig element i førebygging av lese- og skrivevanskar

Ein av dei barnehagane som deltek på dette prosjektet er Langeneset barnehage i Svelgen.

Her har dei integrert språk- og tallæring i kvardagen allereie frå toårsalderen. På denne måten får borna tidleg erfaring med skriftspråket. Men barnehagen driv ikkje pedagogisk opplæring i tradisjonell forstand, men fokuserer heller på læring gjennom leik, fortel pedagogisk leiar Anita Holm Cirotzki.

– Borna har mykje større kompetanse på bokstavar og tal og er blitt meir medvitne på desse felta, seier ho.

Artikkeltags