– Leik aldri med ein framand hund

Artikkelen er over 15 år gammel

– Foreldre bør drille ungane sine til ikkje å gå bort til framande hundar som står i band. Hunden greier ikkje å tolke kroppsspråket til barn, kjenner seg truga og vil forsvare seg.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Dette er det viktigaste rådet medlemmene i den nyetablerte Florø Hundeklubb vil gje til foreldre, som eit innspel til episodane i den seinare tid der barn har vorte bitne av hundar. Dei vil ikkje kommentere saka som stod i førre Firdaposten, men uttaler seg på eit generelt grunnlag.

Redde hundar
– Ungar kjenner gjerne den snille hunden til naboen og trur at dei kan kose og leike med andre hundar på same måten. Slik er det ikkje. Derfor bør ein som hovudregel ikkje la ungane leike med hundar dei ikkje kjenner, og i alle fall ikkje hundar som står fastbundne utafor ei forretning. Når du nærmar deg ein hund på feil måte, blir den rett og slett redd og vil vike unna. Når den ikkje kan det, kan den bli aggressiv og forsvare seg, seier John André Lammethun.
– Ein hund er ein hund er ein hund. Hugs det, supplerer Heidi Dyrøy, som meiner at folk flest har eit vrengbilde av korleis hundar er. Filmhunden Lassie, som nærast blir tillagt menneskelege eigenskapar, er ikkje representativ. Hunderasane er ulike, og dei kan berre tolke kroppspråket til mennesket. Derfor er det viktig å vite korleis ein kan nærme seg på ein måte hunden oppfattar som vennleg.

Gode tips
Her er ei liste over ting ein absolutt ikkje bør gjere:

- Ikkje gå fort og beint fram til hunden.
- Ikkje hald hovudet fast eller klapp den oppe på hovudet.
- Ikkje sjå den rett inn i auga.
- Ikkje legg ditt eige hovud oppe på nakken på hunden – det er invitasjon til kamp.

– Dersom du skal nærme deg ein framand hund, så må du bevege deg roleg. Gå sidevegs slik at du viser di smalaste side mot den. Ikkje sjå den i auga, og klapp den forsiktig på sida, mens du lar den snuse på deg, forklarer Heidi Dyrøy.

Ny klubb
Hundeeigarar blir oppmoda om ikkje å binde hunden og gå frå den lenge ved inngangen til forretningar. Dersom hunden må "parkerast", bør det skje der det ikkje går så mykje folk forbi.
Hundeklubben i Florø blei formelt stifta førre fredag. Denne siste "hundebit-saka" i Firdaposten aktualiserer på ny noko av det arbeidet dei har tenkt å gå i gang med, nemleg å informere foreldre og barn i barnehagar og skular om samspelet med hundar. Dei kan også tilby kvalpekurs og tilvenninng til hund for dei som er redde.

Artikkeltags