Ei breiare og djupare innsegling betyr auka sjøsikkerheit, og inneber mellom anna at større fartøy no kan segle inn til hamna og at riggar kan bli tekne inn vedlikehald ved skipsverftsnæringa i vestlandsbyen. Det skriv Firda.

Det skriv Kystverket i ei pressemelding.

I Hellefjorden, like ved det ytterste nye sjømerket som er sett opp, opna Florø-ordførar Ola Teigen innseglinga saman med leiar i Sogn og Fjordane fylkes nærings- og kulturutval, Karen Marie Hjelmeseter.

– Særs viktig for næringsutviklinga

– Dette er eit særs viktig tiltak for næringsutviklinga i Florø. Det gjev reine kindereggeffekten; det opnar for nye moglegheiter for næringslivet, skipsverft kan omstille seg til nye marknadar og steinmassen frå utdjupinga gjev ein by med begrensa landområde moglegheit til å vekse litt, seier ordførar Teigen.

– Ei breiare, djupare og tryggare innsegling vil seie at større fartøy kan kome inn til ei god og viktig hamn. Det er bra for næringsgrunnlag og sysselsetjing i Florø. Prosjektet viser at når ein jobbar i lag – både private og offentlege krefter – så gjev det gode resultat, seier Hjelmeseter.

Regiondirektør John Erik Hagen i Kystverket, som var vert for markeringa, er også særs nøgd med prosjektet.

– Dette prosjektet er eit godt eksempel på kor raskt og effektivt det kan gå når alle gode krefter dreg i same retning. Eg veit ikkje om noko vanleg utdjupings- og merkeprosjekt som har gått raskare. Om lag fem år har gått sidan det første initiativet kom, til prosjektet no er fullført og opna, fortel han.

Omfattande prosjekt

Skanska har vore entreprenør for prosjektet, som har kosta om lag 55 millionar kroner å fullføre. Då har ein utdjupa farleia til 16 metes djupne i innseglinga, ni nye sjømerker og to overeittar (sjømerke som er plassert parvis med ein viss avstand slik at dei dannar overeittlinjer ein kan nytte i navigasjonen) er sett opp, og om lag 40.000 kubikkmeter med stein er fjerna.

– Om ein fordeler steinen ut over eit område som er like stort som ei fotballbane, vert det seks meter høgt. All denne steinen vert altså gjenbrukt og kjem til nytte i tre ulike prosjekt knytt til utfylling av næringsareal og båthamn, seier Hagen.