Gå til sidens hovedinnhold

Lei av sprengte postkassar

Artikkelen er over 15 år gammel

GROV: Fleire gonger har vandalar enten stole eller sprengt postkassar i filler på Grov.

– No må det bli slutt herværk og vandalisme på postkassane her på Grov. Både mi private postkasse og postverket si raude kasse har vore både stolne og sprengt i filler fleire gonger, seier ei fortvila Aslaug Grovnes. No i romjula blei postkassa sprengt med dynamitt igjen og Grovnes ber no om at vandalane må tenke seg om og halde fred. Postkassene er plasserte inne i busskuret i vegkrysset på Grov.