"Lofoten" vert laurdag sett inn i ordiner vintertrafikk, og skal avløyse MS "Nord-Norge".

Pressa økonomi

– Grunnen er at hurtigruteselskapet er økonomisk pressa, og vestlandscruiset har ikkje fått nok passasjerar til at det går rundt økonomisk, seier Hilde Vik, sjef for salsavdelinga på Vestlandet.

Selskapet vurderer heile flåtestrukturen, og kva som kjem til å skje med MS "Lofoten" etter vinteren er uvisst.

MS "Nord-Norge" som på laurdag vert avløyst, vert sendt på cruise til Antarktis for å utnytte den store kapasiteten til skipet, som på ingen måte kjem til sin rett i vanleg rute i Norge om vinteren. Veteranskipet "Lofoten" er stort nok til vinterbruk langs kysten.

I Bulandet

Vestlandscruiset har dei siste to åra vore sett opp i mai og september, og turen "Lofoten" avsluttar i morgon, er den første i september i år. Eit liknande lokalt cruise i Nord-Norge i mai, juni og juli vert også lagt ned. Vik tykkjer det er synd at tilbodet vert lagt ned.

– Normalt går det lengre tid enn to månadar å bygge opp eit nytt tilbod, og cruiset er godt likt og passasjerane begeistra, seier ho.

I går var "Lofoten" i Bulandet, og kanskje vart vitjinga første og siste gong eit hurtigruteskip var innom der.