Fylkesmannen gir nytt fellingsløyve på ulv etter fleire funn av daud sau

På plass: Skadefellingslaget rykte ut til Grov 20. juli, etter moglege observasjonar av ulv. Den gongen blei det ikkje felt noko, men no har Fylkesmannen igjen opna for ulvefelling, etter nye kadaverfunn.

På plass: Skadefellingslaget rykte ut til Grov 20. juli, etter moglege observasjonar av ulv. Den gongen blei det ikkje felt noko, men no har Fylkesmannen igjen opna for ulvefelling, etter nye kadaverfunn. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

FLORØ: Ulven lever farleg igjen, etter nye kadaverfunn av sau i Lavik.

DEL

Onsdag opna Fylkesmannen igjen for felling av ein ulv, melder NRK Sogn og Fjordane.

Ifølgje viltforvaltar Hermund Mjelstad er det funn av åtte nye sauekadaver i Lavik som er bakgrunnen for løyvet. Sauene skal vere funne i nærleiken av Guddal, i same område som det blei funne dau ulvedrepen sau tidlegare i sommar.

Det var i same tidsrom ei kvinne observerte det ho meinte var ein ulv, som kryssa riksveg 5 ved Grov 20. juli i år.

Ifølgje NRK skal fellingsløyvet gjelde i området mellom Dalsfjorden og Sognefjorden. Fylkesmannen sin viltforvaltar oppmodar no folk om å følgje ekstra godt med i dette området.

Fellingsløyvet som no er gjeve, gjeld til 31. august. Mykje tyder på at ulven som har vore på ferde i Guddal, er den same som tidlegare har teke fleire lam i Naustdal.

Artikkeltags