Laksesuksess skal komme Svanøy til gode

Dagleg leiar av Stiftinga Svanøy Hus har fått napp hos Svanøy sine to storaktørar på havbruk. Dei kommande åra vil Elin Tveit Sveen og Ove Inge Vågen gjennom selskapa Marø Havbruk og Svanøy Habruk gå inn som økonomiske støttespelarar for eit av Johan T. Solheim (i midten) sine hjartebarn, Svanøy Hovedgård.

Dagleg leiar av Stiftinga Svanøy Hus har fått napp hos Svanøy sine to storaktørar på havbruk. Dei kommande åra vil Elin Tveit Sveen og Ove Inge Vågen gjennom selskapa Marø Havbruk og Svanøy Habruk gå inn som økonomiske støttespelarar for eit av Johan T. Solheim (i midten) sine hjartebarn, Svanøy Hovedgård. Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Ein million kroner kostar det kvart år å halde forfallet frå døra på ærverdige Svanøy Hovedgård. No trør dei nærmaste til.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

Tenk deg at du forvaltar noko av så høg kulturhistorisk verdi at sjølvaste staten peikar på deg og ditt og seier at «dette må vi ta vare på for framtidige generasjonar». Då skulle ein vel vere sikra og framfødd? Slik er dessverre ikkje realitetane. Staten kjem, ser, vernar og dreg att – og den verneverdige sit ofte att med rekninga og utfordringane. På Svanøy er det ingen unntak for regelen. Heilt sidan stiftinga Svanøy Hus blei skilt ut frå Svanøy Stiftelse i 1990, har dei hatt som hovudoppgåve å ta vare på Svanøy Hovedgård.

Men pengane har i all hovudsak kome frå heilt andre aktørar enn det offentlege.

Avhengig av private

– Utan privat funding hadde Hovedgården stått til nedfalls i dag, trur stiftingsleiar Johan Trygve Solheim.

I snart 25 år har det handla om ein ting: Å skaffe til vege den årlege millionen som går med til å betale straum, kommunale avgifter, fikse verneverdige vindauge, måle, reparere og gjere små utbetringar på det store bygget. Status i dag er at sjølve bygningane er i brukbar stand, men at både det elektriske anlegget og vatn og avlaup for lengst burde vore totalrenovert. Støttespelarar har kome og gått, og Solheim er sjeleglad for at ei handfull av dei har støtta Svanøy og Hovedgården ut frå eit langsiktig perspektiv. Fjordbase AS er med på tolvte året no. Basesjef Jim Haugland forklarar kvifor:

– Svanøy har noko unikt med Hovedgården og Hjortesenteret. Hit kan vi ta med kundar til spesielle omgjevnader, og vi har framleis årlege samlingar her ute. Når vi i tillegg kan støtte opp rundt ein viktig del av kulturhistoria vår, så er det kjekt å kunne bidra, seier Haugland.

Åleine har Fjordbase AS støtta Hovedgården med godt over ein million kroner dei siste 12 åra.

– Utan dei hadde det aldri late seg gjere å drive etter dagens modell. Kraftselskapa BKK og SFE har også støtta oss lenge, og det har vore gull verd, fortel Solheim, som ikkje legg skjul på at jakta på støttemidlar ofte er tungt arbeid.

Hjelp frå gode naboar

I fjor haust såg det mørkt ut. Då hadde fleire fundingpartnarar takka for seg, og stiftingsstyret var i knipe. Men ofte kjem den hjelpa du treng som mest frå naboen din.

- Marø Havbruk og Svanøy Havbruk kom til oss og sa at dei no ville bidra. Det varma hjartet mitt. Det er ekstra godt å få hjelp frå verksemder som på fleire måtar har vist at dei ønskjer å vere på Svanøy og satse på Svanøy, seier Solheim.

På sett og vis er ringen dermed slutta. Heile oppdretts-eventyret på Svanøy starta i si tid med at stiftinga selde ut oppdrettskonsesjonane dei sat på rundt 1990, og Marø Havbruk såg dagens lys. No, ein mannsalder seinare, takkar oppdrettsnæringa for starthjelpa med milliongåver.

Kva hadde Hauge tenkt..?

– Kan og bør eit verneverdig bygg med ei slik historie bevarast med ein slik modell som de har?

– Det er eit godt spørsmål. No har vi rett nok fått hjelp frå det offentlege til nokre enkeltprosjekt, som til dømes å fikse verna vindauge i bygget. Men vi vil aldri få midlar til å utvikle Hovedgården til noko meir. I så fall trur eg ein må selje heile eigedomen til ein rik investor eller to, som har økonomiske musklar større enn våre. Men i utganspunktet ønskjer vi ikkje det, seier Solheim.

– Kva trur du Hans Nielsen Hauge og haugianarane ville sagt om stoda og bygningane i dag?

– I eit jubileumsår for nasjonen trur eg han i god haugianarånd ville bede oss om å brette opp ermene, trø til med hardt arbeid og be kveldsbøna for framtida, smiler Solheim.

Artikkeltags