Ny sommar-rekord for laksesalet

VERD MEIR OG MEIR: Verdien av norsk laks blir stadig høgare, og ny eksportrekord for juli månad er eit faktum.

VERD MEIR OG MEIR: Verdien av norsk laks blir stadig høgare, og ny eksportrekord for juli månad er eit faktum. Foto:

Av

I juli månad blei det eksportert laks ut av Norge for svimlande 5,3 milliardar kroner. Det er rekord.

DEL

159.000 tonn sjømat fann vegen ut av Norge og til marknader over heile verda i juli månad, viser tal frå Norges Sjømatråd. Totalverdien på sjømaten, som omfattar oppdrettsfisk, kvitfisk, sild, makrell, tørrfisk og skaldyr, var på 7,1 milliardar.

Verdien av eksportert laks utgjorde heile 5,3 milliardar av dette, og det er ny rekord, heile 2,2 milliardar meir enn for same månad i fjor.

Så langt i år er det eksportert sjømat for vel 55,2 milliardar kroner. For å setje talet i perspektiv, så utgjorde halvårsverdien av norsk eksport av olje og gass i fjor, ca 220 milliardar kroner.

Vanlegvis er juli langt frå den beste eksportmånaden for norsk sjømat, med spesielle tilhøge innan laksenæringa gjer utslag, seier Paul T. Aandahl, sjømatanalytikar i Norges sjømatråd i ei pressemelding:

- Vekst i eksportvolumet av laks i juli, kombinert med framleis høge lakseprisar, gav rekord i eksportverdien for juli månad, slår han fast.

Lakseeksporten i juli var på 88.000 tonn.

Artikkeltags