Slik gjekk laksefisket i 2017

Ein av ti villaksar når aldri tilbake til gyteelva si på grunn av lakselusangrep, viser berekningar frå Norske Lakseelver.

Ein av ti villaksar når aldri tilbake til gyteelva si på grunn av lakselusangrep, viser berekningar frå Norske Lakseelver. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Fangstresultata frå dei norske lakseelvane er no klare. Tal frå Statistisk Sentralbyrå og organisasjonen Norske Lakseelver viser at rundt 100.000 sportsfiskarar landa 98.421 laks frå elvane våre. I tillegg deltok 850 sjølaksefiskarar som fiska opp 73.000 laks med garn og not.

Begge desse fangsttala kunne vore høgare - om ikkje det var for at lakselusa reduserte lakse-innsiget mot kysten med rundt 50.000 laks, ifølgje ekspertane.

Men ikkje all oppfiska laks hamnar i fryseboksen. Sportsfiskarar sette i fjor utatt 25.76 laksar for å hjelpe til med å sikre gytebestandane i elvane, slik at samla elvefangst enda på 124.297 laks.

Lusa tek rundt kvar tiande villaks

- Sesongen 2017 var heldigvis betre enn 2016, som var ein sesong heilt på nivå med det unormalt låge gjennomsnittet for dei ti siste åra, både i sjø og elv. I 2017 blei det tatt 7,9 prosent meir laks i elvane enn gjennomsnittet siste 10 åra, seier Erik Sterud, som er biolog og fagansvarleg i organisasjonen Norske Lakseelver.

Dei fleste lakseelvane har likevel nok gytelaks kvar haust. Men det kan vi takke elveeigarlaga for, som gjer ein god jobb med å forvalte elvane.

Torbjørn Forseth, Vitenskapelig råd for lakseforvaltning

Norske Lakseelver er paraplyorganisasjon for over 90 norske elveeigar- og forpaktningslag.

- Vi trudde på at totalfangsten ville passere 132.000 laks. Den blei lågare, men veksten er likevel gledeleg, seier Sterud.

Analysar utført av Vitenskapelig råd for lakseforvaltning (VRL) viser at lakselusa - som oppdrettsnæringa får mykje av skulda for - kvart år gir rundt 50.000 færre laks i elvane våre. Med eit anslått innsig frå havet på årleg 470.000 laks, tek lakselusa livet av rundt rekna 10 prosent av all laks, ifølgje deira tal.
 

- Dei fleste lakseelvane har likevel nok gytelaks kvar haust. Men det kan vi takke elveeigarlaga for, som gjer ein god jobb med å forvalte elvane, seier VRL-leiar Torbjørn Forseth.

Vil ha slutt på sjølaksefisket

Kvar vegen går vidare for villaksen er no litt uklart.  Stortinget står fast ved eit mål om at lakselus frå oppdrettsnæringa ikkje skal ha bestandsregulerande effekt på vill laksefisk. Samtidig opnar no regjeringa for vekst i oppdrettsnæringa. Ei juridisk vurdering utført for Norske Lakseelver konkluderer med at dei fastsette vekstforskriftene bryt med både akvakulturlova og naturmangfaldslova, og det er venta at villaksforkjemparane vil halde fram kampen mot at oppdrettsnæringa skal få lov å vekse.

Dei same villaksforkjemparane vil nok også halde fram kampen mot sjølaksefisket, som dei meiner har tilnærma null samfunnsverdi, samanlikna med laksefiske i elvane som genererer betydelege inntekter for naturbasert reiseliv, rundt rekna 1,3 milliardar kroner årleg.

Artikkeltags