– Laks er inne for tida

MANGE VAL: Pernille Hessvik Holme (6) fekk kyndig hjelp av Hege Inderberg frå Kokkenes Mesterlaug Sogn og Fjordane til å velge ut tilbehør til laksen.

MANGE VAL: Pernille Hessvik Holme (6) fekk kyndig hjelp av Hege Inderberg frå Kokkenes Mesterlaug Sogn og Fjordane til å velge ut tilbehør til laksen. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Med limemearinert, korianderbakt og sylta laks med jorbærtzatziki til, viste laksenæringa kvifor laks er populært også blant dei yngste.

DEL

Om gata ikkje var like full som på Sildebordet kvelden før, kan ein i alle fall seie at den syda av liv på Laksens Dag. Store som små fekk smake både rå og stekt laks med forskjellig tilbehør.

Fekk lage sjølv
Ein av stasjonane var berre for dei minste. Her kunne Pernille Hessvik Holme (6) velge mellom ein drøss forskjellige grønnsaker og frukt som passar saman med laks på grillen.
– No skal eg lage middag med laks, forklarte ho.
Pernille fekk kyndig hjelp av Hege Inderberg frå Kokkenes Mesterlaug Sogn og Fjordane.

– Ikkje den vanlege laksen
– Produkta vi har her i dag er inn for tida, forklarte oldermann i mesterlauget, Bodil Erdalsdal.
– Det er ikkje den vanlege laksen vi serverer her i dag. Folk skryt av rettane, seier ho Erdalsdal smilande.

Populært med nachochips
Mellom rettane ein kunne smake på stasjonane var ulike sortar sushi, laga mellom anna med appelsinsaft og sitronskall. Varmrøykt lakselefse, koreanderbakt og sylta laks med jordbærtzatziki stod også på menyen. Særleg populær var limemarinert laks med nachochips og papayasalat.

Elskar laks
Qiao Chen (29) delte ut Laksens Dag-tatoveringar til dei minste. Chen har budd i Florø dei to siste åra, etter at ho fekk jobb hos Bravo Seafood.
– Eg elskar laks, for det er så spennande, fortalte ho.

Vil du prøve sjølv? Her er oppskriftene som kokkane tok utgangspunkt i til Laksen Dag:

Sashimi med soyadipp og ramslaukdipp
Soyadipp 50/50 soya og appelsinsaft + skall 2L
Ramslaukdipp sitronsaft + skall, limesaft + skall, sukker, olje, sylta ingefær 1L
Skjære loins av laks kun rygg 10 stk

Makirull, 45 stk
Koke ris og ha i eddik 2,5 kg
Skjære laks og agurk i strimler 45 strimler av kvart
Aspargers reinskjærast og forvellast 30 stk

Varmrøykt lakselefse, 50 stk
Salt/sukkre 2% laks i 30 min 12 kg ca 10 fileter (begge rettane)
Røyke fisken etterpå
Stivpiske creme fraiche, smak til med salt, pepper og syre litt over 2 liter
Finkutte sukkererter, reddik, dill, agurk, persille +++++
Bake fisk på 40-45 ®C til ferdi. 5kg

Sylta laks med jordbærtzatziki
Syltelake eddik 5dl vatn, 2,5 kvitvinseddik, 4dl sukker, heil svart pepper, lauberblad, sennepsfrø og limeskiver, løk gonge oppskrifta med 4
Skjære laks i skiver på ca 15g 300
Kutte jordbær i terniger og bland i tzaziki og smak til med melis. 3 liter

Limemarinert laks med nashochips og papyasalat
Kutter laks i terninger 3 kg ca 1cm gonge 1cm
Limemarinade limejuice + skall, olivenolje, salt og pepper. 1liter
Papayasalat papaya og mango i terninger, limeskal og juice + div urter, evt sukker 2-3 liter

Appelsin- og korianderbakt laks med avokadokrem
Appelsin og koriandermarinade appelsinsaft + skall, salt, fersk/tørka koriander 1 liter
Bake laks med marinade på 45 grader på ca 20g stykke 300stk
Avokadokrem avokado, syre, salt og chili kjøres til krem. 2liter

Lettrøykt laks med pepparrot og eplekrem
Eplekrem med pepparrot eple, syre, sukker, finrevet pepparrot. 2 liter
Bake laks på 20gr på 45 grader 300 betar

Sondre Strand og Kent Ole Strømsøy står bak oppskriftene. Dei presiserer at dette berre er utgangspunkt for rettane, og ikkje fullstendige oppskrifter.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken