Låg blødande i vegbana, ingen stoppa

Kristian Jenssen (11) og mamma Ellen Marie J. Eielsen.

Kristian Jenssen (11) og mamma Ellen Marie J. Eielsen. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

I fleire minutt låg ti år gamle Kristian Jenssen i ein blodpøl på fylkesvegen medan bilane susa forbi. Ingen stoppa for å hjelpe guten.

DEL

Torsdag hadde tiåringen vore hos ein kompis på Solheim og var på veg heim langs fylkesvegen, då posen på sykkelstyret vikla seg inn i framhjulet. Resultatet vart at guten ramla av sykkelen og landa med andletet først i den harde asfalten. I fallet miste han tre tenner og knuste ei fjerde.

– Dei var slemme mot meg

– Her borte fann dei att tanna mi, seier Kristian måndag og peikar på ein inntørka, men likevel synleg blodpøl på fylkesvegen gjennom Verpevika. Han og mamma Ellen er attende på ulukkesstaden for første gong. – Eg er ikkje heilt sikker på om eg svima av etter at eg trefte asfalten, eg trur ikkje det, men eg hugsar at eg blødde mykje frå nasen og munnen då eg reiste meg opp. Og det gjorde veldig vondt, seier den modige tiåringen.

Sjølv om guten låg i vegen med blodet fossande frå nase og munn, var det ingen av bilane som køyrde forbi som stoppa for å hjelpe.

– Eg hugsar det var om lag fire bilar som køyrde forbi meg. Dei var slemme mot meg. Dei stoppa ikkje for å hjelpe, seier Kristian.

Men til slutt stoppa ein bil. I bilen sat Arne Loftheim frå Svelgen.

– Eg stoppa då eg såg ein gut liggjande i vegbana. Han var medviten, men tydeleg prega. Etter at eg kom til reiste han seg og byrja leite etter tennene sine. Han hadde også problem med å snakke tydeleg med alle tennene som var vekke, seier Loftheim.

Etter ei stund fekk Arne tak i namnet og telefonnummeret til mora, og ringde. Deretter køyrde Loftheim guten og sykkelen heim. Men då faren ringde legevakta var det ingen som svarte, så dei ringde naudnummeret 113 i staden. Etter besøket hos legen måtte Kristian til tannlegen, men i Florø er det ingen tannlegevakt.

– Det er utruleg at det går an, seier mamma Ellen.

Men sjølv etter tannlegebesøket ber guten synleg preg av ulukka. Og det vil han truleg gjere lenge. Tre av tennene må erstattast av nye kunstige tenner, og han må gå med regulering før tennene blir som før.

– Det er vanskeleg å ete, for eg kan ikkje tyggje med fortennene. Det gjer vondt, seier tiåringen.

Mamma Ellen er evig takksam for hjelpa sonen fekk av Loftheim.

– Det er ufatteleg at folk berre kan køyre forbi sonen min. Men det er fint at det finst folk som Arne. Han fortener ros for det han gjorde, seier Ellen.

Men Arne Loftheim ser ikkje på seg sjølv som nokon helt.

– Eg gjorde berre mi borgarplikt. Det var min tur til å yte førstehjelp, og det gjer eg med glede, seier Loftheim.

Artikkeltags