Slik ser eit ekte miljøflaggskip i arbeid ut: Sette opp sitt første sjømerke i Skorpefjorden

KYST: OV Ryvingen er spesialtilpassa Kystverket sine oppgåver og kan segle ein heil dag på batteri.

DEL

På den fem timar lange operasjonen i Skorpefjorden brukte skipet 300 kW, eller litt meir enn kaffitraktaren din gjer årleg.

I byrjinga av februar fekk Kystverket levert sitt nye fartøy frå Fitjar Mekaniske Verkstad, det fjerde i rekka av nybygg for Kystverket.

Innovative løysingar bidreg til lågare bruk av drivstoff, mindre forureining og eit krympa vedlikehaldsbehov.

OV Ryvingen skal nyttast til vedlikehald og drift av fyrstasjonar, lykter og flytande merker. Samstundes er fartøyet ein del av beredskapen til Kystverket, og kan nyttast i oljevernaksjonar og andre beredskapsoppgåver.

– OV Ryvingen er godt budd for større oljevernaksjonar som går over tid. Blant anna har vi eit eige operasjonsrom på brua som kan nyttast til aksjonsleiing, seiar skipsførar Tellef Bie Gundersen.

OV Ryvingen er eit såkalla hybridfartøy, og kan velje mellom å segle på rein batterikraft, på drivstoff eller ein kombinasjon. Batteria kan ladast med landstrøm eller via generatorane om bord.

I Skorpefjorden på onsdag sette OV Ryvingen opp sitt første sjømerke. Den var fem timar i felt og heile operasjonen gjekk føre seg fullelektrisk. Det var opp i 15 sekundmeters vindkast, men skipet heldt seg støtt ved hjelp av dynamisk posisjonering, fortel Kystverket på si Facebookside.

– I løpet av denne operasjonen vart batteria tappa om lag 30 %, noko som tilsvarar eit forbruk på vel 300 kW. Dette er svært gode tal, og det lovar godt for den vidare drifta, seier avdelingsleiar Alf Arne Borgund i Kystverkets reiarlag.

Artikkeltags