Har gjort farleia forbi Nekkøyosen tryggare

KYSTVERKET: Secora sine lekterar er ferdig med å sprenge ut grunna aust for Nekkøyosen.

KYSTVERKET: Secora sine lekterar er ferdig med å sprenge ut grunna aust for Nekkøyosen. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Secora AS har på oppdrag av Kystverket sprengt vekk ei grunna Haneholmstaren utforbi lykta på austsida av Nordre Nekkøya.

Skjeret ligg på 8,8 meter djupne, og er no sprengt ned til 14 meter.

Dette er eit tryggingstiltak som skal gjere farleia forbi tryggare.

I løpet av fredagen skal Kartverket på plass for å kontrollere om ein har nådd måldjupna.

Det skal i tillegg byggast eit nytt navigasjonsmerke på Florsvikfluene, som er 6,4 m djup. Heile prosjektet er forventa ferdig oktober 2018.

Artikkeltags