Nordfjordkryssing og Nordfjord Vekst inviterer til bru-konferanse på Gloppen Hotell 23.-24. mai.

- Målet med konferansen er å samle kreftene på Vestlandet til ein felles strategi for å få gjennomført gode ferjeavløysingsprosjekt raskare og billigare enn i dag, seier styreleiar i Nordfjordkryssing AS, Alfred Bjørlo.

Prisgallopp

Han er uroa over det han kallar "kostnadeksplosjonen" for nye veg- og bruprosjekt som ein no ser i samband med planlegginga av ferjefri E39.

- Skal vi få erstatta ferje med bru flest mulig stader på Vestlandet, må kostnadene med nye bruer ned. Det krev ny bru-teknologi, og at vi engasjerer teknologimiljøa på Vestlandet i å få dette til. Vi må også tenkje annleis enn i dag om prosjektgjennomføring, konseptval og finansiering, seier styreleiar Alfred Bjørlo.

Ekspertane kjem

Til konferansen kjem sentrale personar innanfor samferdsleplanlegging og samferdslepolitikk på heile Vestlandet, og teknologimiljø med nye tankar om bruteknologi og gjennomføringsstrategiar.