– Ein gledens dag! Men eit unødvendig overgrep mot kysten.

FEKK FLEIRTAL: Eit framlegg frå Arbeidarpartiet og Åshild Kjelsnes sikra at planleggingsarbeidet med Svelgen–Indrehus skal starte opp allereie over nyttår, og at utbygginga skal starte i 2020.

FEKK FLEIRTAL: Eit framlegg frå Arbeidarpartiet og Åshild Kjelsnes sikra at planleggingsarbeidet med Svelgen–Indrehus skal starte opp allereie over nyttår, og at utbygginga skal starte i 2020.

Artikkelen er over 1 år gammel

Ap og Åshild Kjelsnes fekk gjennomslag for oppstart på Svelgen-Indrehus, og bru over ytre Nordfjord. Men tapte slaget om veg over Terøya.

DEL

Onsdag diskuterte Fylkestinget Regional transportplan, og som del av denne også Kystvegen Florø – Måløy. Det var knytt stor usikkerheit til om fleirtalet ville gå for å prioritere første del av prosjektet; parsellen Svelgen – Indrehus. Men etter diskusjonar og gruppemøte kom det eit framlegg frå Arbeidarpartiet som fekk fleirtal ved hjelp av røystene frå FrP, Høgre og Venstre.

– Vi vil legge inn 15 millionar kroner i oppstartsmidlar på Svelgen – Indrehus i 2020, og vidare 150 millionar kroner i 2021. Prosjektet skal fullfinansierast i perioden 2022-24, sa Åshild Kjelsnes frå talarstolen på Fylkestinget.

– Reguleringsplanarbeidet skal starte første halvdel av 2018, sa Kjelsnes vidare.

Forslaget fekk 17 røyster, med støtte frå Høgre, Venstre og FrP.

- Dette er ein sigerens dag. Ein stor dag for kysten! Vi har fått to viktige sigrar i Fylkestinget i dag, vedtak om oppstart Svelgen-Indrehus, og vedtak om bru, og ikkje ferje, i i ytre Nordfjord, seier Kjelsnes til Firdaposten.

- Eg er veldig glad for at vi fekk fleirtal for dette. Det blir planlegging av Svelgen-Indrehus i 2018 og 2019, med oppstart i 2020. Eg trur det er viktig å komme i gang no, og vise til det nye fylket at dette er eit prosjekt vi prioriterer. 

Stein Malkenes (MDG) frå Florø stemte imot framlegget, med argument om at fylkeskommunen ikkje har økonomi til prosjektet;

– Eg skulle ønske eg kunne stemme for denne tunnelen, og eg beklagar til folk i Svelgen. Men ansvarsfølelsen slår inn, sa han i møtet.

Tapte Terøy: - Eit overgrep

Ap fekk ikkje fleirtal for ei formulering der ein ikkje tok stilling til Terøy eller Grov på noverande tidspunkt:

«Kystvegen går vidare langs Rv5 vest for Storebru til Grov. Derifrå skal vegen gå anten til Haukå med tunnel vidare til Myklebustdalen, eller til Brandsøy med bru via Grøneng og Terøy til fastlandet og vidare med tunnel til Myklebustdalen. Endeleg val av trase vert fastlagt i samband med planarbeidet».

Nei til Terøya var ei unødvendig markering og eit unødvendig overgrep frå indre delar av fylket.

Åshild Kjelsnes (Ap)

Fleirtalet gjekk heller for Grov som trasé, mot 13 røyster.

- Eg er skuffa over at fleirtalet ikkje kunne godta at vi gjekk vidare med både Grov og Terøy. Her gjekk det prestisje i saka frå dei som bur lengre inne i fylket. Eg har også fått motstridande signal frå meir lokale krefter, seier Kjelsnes.  

- Her har det vore ein unødvendig front, og ei unødvendig markering frå indre delar av fylket. Dette er eit unødvendig overgrep mot kysten sine interesser, og ei manglande forståing for utvikling av bu- og arbeidsområda på kysten, tordnar Ap-politikaren.

Ho fortel at Ap forsøkte å få til eit kompromiss ved å ta med begge traséane i det vidare arbeidet. Dei tapte, men ho ser likevel ikkje Terøya som heilt ute av bildet.

- Fullføringa av denne delen av Kystvegen er langt fram, og det er mykje utgreiing som skal gjerast før den tid. Her vil tida jobbe for oss, og nye folk i eit nytt fylke vil få denne saka på bordet. Mykje kan endre seg innan den tid, seier Kjelsnes.

Bru over ytre Nordfjord

Elles seier fleirtalsvedtaket i Fylkestinget at Kystvegen vidare skal følge dagens veg til Rugsundøya, der den tek av mot Tongane og med bru over Nordfjorden til Biskjelneset.

Deretter koplar traseen seg på Rv15 og følger den til Bryggja og vidare med utbetring av Fv 61 til Naveosen.

- Det er veldig gledeleg at vi no får slått fast at det skal vere bru i ytre Nordfjord. Då slepper vi meir tvil om denne saka, seier Åshild Kjelsnes (Ap).

Blir opp til Vestlandet

Rådmann Tore Eriksen kommenterte til vedtaket om Svelgen- Indrehus at han var komfortabel med ordlyden;

– Sidan det ikkje ligg inne pengar før i 2020, så vil dette bli eit innspel til Fellesnemnda og den nye Vestlands-regionen. Vi binder ikkje opp midlar, og det blir opp til det nye fylket om ein vil gå vidare med prosjektet.

Artikkeltags