I dag var Knut M. Olsen og resten av medlemene i utvalet, samt Dina Lefdal frå Vegkontoret, samferdselsjef Ole Ingar Hereid, fylkesdirektør for plan-og næring Velaug Veum og ordførar Kåre Olav Svarstad i Bremanger, samla til møte i Kalvåg, der skisseprosjektet for Kystvegen Måløy-Florø var ei av mange saker på dagsorden.
Eit samla samferdsleutval følgde fylkesrådmannen si tilråding om at det framlagde skisseprosjektet skal vurderast vidare som innspel til arbeidet med handlingsprogrammet for fylkesvegnettet 2010 – 2013 (19), som ein del av Kystvegen Bergen-Ålesund.
– No er det slik at det er over statsbudsjettet det blir løyvd pengar, men transportplanen signaliserer kva rammer ein skal legge seg på. Og kan vi få til eit spleiselag med brukarbetaling, lokale og regionale bidrag og ein statleg næringsutviklingspakke, kan det kanskje opne for ei raskare framdrift av prosjektet, håpar Knut M. Olsen.