Kan vere gjennombrotet for veg til Kystmuseet

Billegare: Krysset her vart gjort ferdig som ein del av Kinnvegen. Ei tildekt svær dreneringsgrøft gjennom området vil og lette arbeidet med å legge ny veg til Kystmuseet mellom Keilevegen og Brendevegen fram til Kystmuseet. Foto: Olav Hatlemark 														Foto: Olav Hatlemark

Billegare: Krysset her vart gjort ferdig som ein del av Kinnvegen. Ei tildekt svær dreneringsgrøft gjennom området vil og lette arbeidet med å legge ny veg til Kystmuseet mellom Keilevegen og Brendevegen fram til Kystmuseet. Foto: Olav Hatlemark Foto: Olav Hatlemark

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Sidan Kystmuseet stod ferdig har museumsfolka venta på ny veg. No kan dei vere nærare enn nokon gong.

DEL

Ingen kommenterte forslaget til varaordføraren om pengar til prosjektering og startløyving på seks millionar kroner til vegen i formannskapet nyleg.

Eitt unntak

Varaordførar Jan Henrik Nygård la der fram makt-kvintetten sitt framlegg til investeringar i 2016. Like før hadde rådmann Terje Heggheim varsla endå mørkare økonomiske utsikter. Derfor var det mest barberingar og utsettingar av prosjekt Nygård bar til torgs, med eitt unntak: Veg til Kystmuseet.

I 30 år har det eine forslaget om ny veg  etter det andre stranda i reaksjonar frå naboar eller manglande politisk støtte. Nygård trur tida no likevel er mogen.

I samband med arbeidet på Kinnvegen, er eit nytt kryss inn til Kystmuseet ferdig forma ut. Vegvesenet har og fylt over ei svær dreneringsgrøft frå krysset mot sjøen, parallelt med Keilevegen. Dette gjev eit heilt anna utgangspunkt enn tidlegare overslag på over 30 millionar kroner, meiner Nygård.

Kostar meir

Museumsdirektøren vågar ikkje heilt å juble og slår endå ein gong fast at dårleg tilgang kostar dei mykje ekstra, fordi lastebilar ikkje kjem seg fram til museet. Alt reparasjonsarbeid kostar ekstra fordi folk ikkje kan køyre hit, seier Berit Høivik, avdelingsdirektør ved Kystmuseet. Nett no er NMO i gang med ein større jobb med reperasjonar av fundamenta til dei store utstillingsbygga.

– Det vert for trongt på dagens veg og bilane vert berre større og større.

I tillegg stoppar vegen besøka av turistbussar. Dette slår ut på besøkstala som og kan få andre konsekvensar

- Vi  ser kor lite det skal til for å auke besøkstala når charterturistar har vore på besøk. Besøkstala er det første politikarar ser på når dei skal vurdere løyvingar til musea. Og det er politikarane som til og sist bestemmer, fastslår Høivik.

Artikkeltags