Dans, dans, dans utpå bua.

DANS: Lev Vel-prosjektet, og Kystmuseet inviterte dei eldre på dans på Bataldebua torsdag.

DANS: Lev Vel-prosjektet, og Kystmuseet inviterte dei eldre på dans på Bataldebua torsdag. Foto:

Trekkspeltonane fylte Bataldebua på torsdag, og dei eldre fylte dansegolvet, når Kystmuseet inviterte til Buadans.

DEL

Midt i lunsjen torsdag ringde Jorunn Bjerk frå Kystmuseet og fortalde at dansen var i full gang på Bataldebua. Måtte ikkje det vere ei bra sak for Firdaposten? Klart det, men kor lenge har de tenkt å halde på, spurde eg. Eg hadde eit lite håp om å få ete ferdig. Dei hadde ikkje noko svar på det, men sidan det var eldre folk dette, burde eg nok komme så fort eg kunne. Det var ikkje sikkert dei orka å halde det gåande så veldig lenge. Så eg heiv meg i bilen. For seint kom eg på at eg ikkje hadde nokon aning om kor denne Bataldebua eigentleg var.

Full gong

Eg surra litt rundt på området til Kystmuseet. Ringde kjentfolk for hjelp, men dei var ikkje kjent nok. Google gav meg heldigvis eit bilde, og då klarte eg å resonnere meg fram til kor den måtte ligge. Eg la i veg over bruene, og håpa at eg ikkje hadde brukt så lang tid at dansen var ferdig for dagen. Det viste seg at eg hadde lite å frykte. Dansen var framleis i full gong.

Sildetida

Under sildetida, første del av 1800-talet og fram til 1860 var det eit rikt sildefiske vest for Florø. Fiskarar og oppkjøparar strøymde til, og det vert sett opp saltebuer der silda vert teken i mot, og salta i tønner. Bataldebua var ein av desse. Den sto i Batalden opphavleg, men vart flytta til Sunnfjord museum på slutten av 1920-talet. Når dei flytta museet til Movika, aust for Førde, på slutten av 50-talet fann dei ut at dei ikkje ville ha med seg Bataldebua. Den blei difor demontert og flytta til Florø. Her hadde dei tenkt å lage ein sjøbruksavdeling under Sunnfjord museum, men slik gjekk det ikkje. Bua vart liggande lagra frå 1960. I 1980 vart Kystmuseet stifta, og dei fekk bua overført til seg. I 1982 blei den oppført på museumsrådet.

Naturfag

I dag er den ein del av utstillinga til Kystmuseet, samtidig som skulane i området brukar den i undervisninga. Alle sjetteklassingane i kommunen er innom her i løpet av skuleåret. Som ein del av naturfagundervisninga får dei vere med på å flekke sild, salte den, og henge den til tørk. Samtidig får dei sjølvsagt ei innføring i sildas biologi, og kva havets sølv har betydd for byen vår. Kystmuseet brukar også Bataldebua i eit samarbeid med dagtilbodet på omsorgssenteret på ulike måtar.

GOD IDE: Ivar Langedal hadde ideen om buadans på Bataldebua. Linda Varpe Haukås sørga for å få det gjennomført.

GOD IDE: Ivar Langedal hadde ideen om buadans på Bataldebua. Linda Varpe Haukås sørga for å få det gjennomført.

Sterkt i glaset

– Det var Ivar Langedal som kom med ideen, fortel Jorunn Bjerk. Han og fem andre var på utstillingsbesøk her i februar, og då sa han at no skulle dei hatt noko sterkt i glaset, og eit trekkspel, så hadde det vore akkurat som buadans i gamle dagar.

Den ideen var for god til at dei kunne la den ligge, og torsdag var dei altså i gong. 15 eldre frå dagtilbodet på omsorgssenteret fekk vere med på torsdag. Først på dans, og etterpå vart det sjølvsagt servert sild ved langbordet i Bataldebua.

– Får dei noko sterkt i glaset?

– Dei får øl!

Hofter

Ergoterapeut for dagtilbodet på omsorgssenteret, Linda Varpe Haukås, har ein finger med i det meste som skjer under Lev Vel-paraplyen. Ho fortel at det nok var litt skepsis blant dei eldre i forkant av dansen.

– Det var fleire som sa dei ikkje skulle danse. Dei var no for gamle, eller hadde ikkje hofter til den slags lenger meinte dei. Men sjå på dei no. Dei vil jo ikkje gje seg igjen.

Når eg forlèt Bataldebua held dansen framleis på. Gamle hofter eller ei. Den gjengen der har betre kondis enn meg.


Artikkeltags