Kystmuseet tek over "Fernando"

Av
Artikkelen er over 13 år gammel

FLORØ: Kystmuseet skal inntil vidare ta over den formelle eigarskapen til autolinebåten "Fernando". Seinare er det planen å etablerte ei stifting til å ivareta fartøyet som skal få heimehamn i Bremanger.

DEL

Båten er den tidlegare bremangerbåten "Haugefisk" på 105 fot som no er gått ut av aktivt fiske, men som framleis er i god stand. Det som eventuelt trengst i første omgang, er ei kosmetisk opprusting.

Båten vart bygt i 1977 og ein av dei få førstegenerasjons autolinebåtar som er att, og den er i store trekk original med mykje av det opphavlege utstyret intakt.

Båten som er eigd av tidlegare redaktør Kåre Furnes med fleire i Måløy, har lege i opplag i Måløy det siste året, og er no under kondemnering. Riksantikvaren ser positivt på Kystmuseet sitt initiativ for å ta vare på båten, og Fiskeridirektoratet har på bakgrunn av det gjort unntak frå kondemneringskravet.

Tanken er at båten skal ha base i sitt opphavlege miljø i Bremanger. Det finst mange fiskarar som hadde sine første år som havfiskarar om bord i "Haugefisk", og planen er å danne ei veneforeining. Det blir førebels stilt gratis kaiplass i Struen, men tanken er å finne ei permanent løysing i Iglandsvik. Fartøyet skal kunne brukast, gå for eigen maskin og nyttast som utstillingsobjekt m.m.

Kystmuseet reknar med at fartøyet blir overført til ei stifting seinare i haust, der dei blir ein av fleire partar, i tillegg til det faglege ansvaret for fartøyvernet. Føresetnaden er at dette ikkje går av Kystmuseet sine driftsmidlar.

Artikkeltags