Fem millionar til fartøyvern i fylket, Hordaland får det doble

FLYTANDE KULTURHISTORIE: Vår eigen "Atløy", her til kai i Florø under Fjordsteam 2015.

FLYTANDE KULTURHISTORIE: Vår eigen "Atløy", her til kai i Florø under Fjordsteam 2015. Foto:

FLORØ: Riksantikvaren har løyvd 63 millionar til bevaring av gamle båtar i 2019.

DEL

I årets tildeling av fartøyvernmidlar har Riksantikvaren vektlagt større restaureringsprosjekt som nærmar seg ferdigstilling.

Dermed er det "Stavenes" som stikk av med brorparten av midlane i vårt fylke, med ei løyving på 4,37 millionar. I tillegg er det løyvd ein halv million til "Stangfjord", samt 50.000 kroner til Solundir. Ingen av dei florøbaserte båtane er på lista denne gongen.

I Hordaland er totalløyvinga på rundt ti millionar kroner, der "Folgefonn 1" og "Granvin" får mest pengar, høvesvis 3,2 millionar og 2,8 millionar.

Den komplette lista over kva fartøy som får kor mykje, kan du sjå her.

Totalt er det 250 fartøy her i landet som har status som verna eller freda. Mykje av restaurerings og vedlikehaldsarbeidet som blir utført, er dugnadsarbeid, eit arbeid som utgjer rundt 130.000 timar årleg.

− Fartøyvernet gjer historia vår levande og tilgjengeleg. Landet rundt blir det gjort eit viktig arbeid for at desse flotte, gamle skipa skal vere i god stand. Fartøya fortel om Norges maritime historie. Det er viktig at staten bidreg med pengar til istandsetting, slik at vi alle kan forstå meir av denne stolte tradisjonen, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen.

Behovet for midlar er likevel langt større enn kva politikarane klarar å finne midlar til. Dei 63 tildelte millionane dekte berre ein firedel av totalsummen det var søkt om for dei ulike fartøya.

   

Artikkeltags