Fjernar kvikksølv i fyr

Stabben fyr. Arkivfoto: Liv Standal

Stabben fyr. Arkivfoto: Liv Standal

Artikkelen er over 2 år gammel

I fleire norske fyr roterer linsene på kvikksølvblad.

DEL

Desse skal no erstattast med ei meir miljøvennleg løysing. Kvikksølvbad vart valt som løysing då nokre av dei gamle fyra langs kysten vart bygde for ein 100 års tid sidan.

Kvikksølvet vart brukt for å få fyrlinsene til å rotere trinnlaust og gli glatt. Prosjektleiar Belinda Pedersen i Kystverket poengterer at det ikkje har vore noko uhell med miljøgifta på nokre av fyra.

– Men Miljødirektoratet har gitt pålegg om å fjerne kvikksølvet frå norske fyr av miljøomsyn.

På Oksøy utanfor Kristiansand vart vel 27 liter kvikksølv på rundt 350 kilo vart tappa ut. Også Ryvingen ved Mandal er unnagjort, og etterkvart skal kvikksølvet fjernast på ti fyr innan utgangen av 2018.

Artikkeltags