Gå til sidens hovedinnhold

Kysten støttar Dalsfjordbrua

Artikkelen er over 13 år gammel

Arbeidsutvalet for Kystvegen understrekar at Dalsfjordbrua er ei viktig brikke i ein ny kystveg nord-sør og at den ikkje er særskilt dyr samanlikna med andre samband.

Ordførarane Bente Frøyen Steindal, Flora, Kåre Olav Svarstad, Bremanger, Arve Helle, Fjaler, Håkon Matre, Masfjord og samferdslerådgjevar Svein Gjelseth i Vanylven kommue sit i dette utvalet. Dei kjem med denne uttalen etter at NRK Sogn og Fjordane og andre har fokusert på at Dalsfjordbrua er eit dyrt og samfunnsmessig unyttig prosjekt.

– Realiteten er at Dalsfjordbrua vil komme langt ned på lista over store bruer her i landet og trafikkgrunnlaget vil når brua står ferdig, vere langt større enn den trafikken som nærområdet representerer, skriv utvalet i ein uttale.

Alle kystkommunane i Sogn og Fjordane og søre Sunnmøre, i samarbeid med Nordhordland Regionråd, arbeider for å få etablert ein kystveg gjennom regionen slik det er alt er gjennomført sør for Bergen og nord for Ålesund. Dette er avgjerande for å få til vekst i kystkommunane og snu den negative utviklinga i Sogn og Fjordane, samstundes som det er eit tilrettelegging for ytterlegare å styrke verdiskapinga i regionen. Dette vegsambandet vil gå gjennom noko av det mest verdiskapande området i landet.