Kystdagen kjem seint i år

Kystdagen 2019.

Kystdagen 2019. Foto:

FLORØ: Seint, men godt - for 27. gongen på rad.

DEL

Og som alltid før, er det 4H-klubbane i kommunen som står for arrangementet: Regndalen, Steintøff, Standal og Neptun/Krokane.

Kystdagen har, som mange vil hugse, alltid funne stad den første søndagen i september månad. Når den no blir flytta til søndag 8. september, handlar det om at det er både fotball- og handballturneringar som er lagde til akkurat denne denne dagen i år. Og fordi ein veit at mange har lyst å få med seg begge delar, var det ei lett beslutning å flytte Kystdagen.

Dei mange aktivitetane skulle etter kvart vere velkjende - mange er nok dei som gjennom åra har spikka seg ein båt eller laga eit bilde med materialar frå naturen. Det kan nye små hender få prøve seg på i år. Det blir også natursti med fine premiar, og det blir forskjellig godt å smake på - både krabbe, laks, fiskekaker og flatbrød. I tillegg får ein kjøpt fiskekaker, sveler og kaffi. Museet sin kafe er også open.

Arrangøren oppmodar også alle som kan om å gå eller sykle når dei kjem til Kystmuseet denne dagen.


Artikkeltags