Kuttar politiske utval

Kari Rita Frøyen, Ap, meiner det går på truverdet laus om politikarane ikkje kuttar eigen kostnader.

Kari Rita Frøyen, Ap, meiner det går på truverdet laus om politikarane ikkje kuttar eigen kostnader. Foto:

Av
Artikkelen er over 11 år gammel

Politikarane i Bremanger slankar sine eigne politiske organ.

DEL

- Det har med truverdet vårt å gjere. Når vi pålegg alle andre sektorar å kutte i drifta, må også vi som politikarar ta vår del av ansvaret, meiner Kari Rita Frøyen (Ap).

På møtet i formannskapet tysdag ville ho legge ned alle dei fire sektorutvala i kommunen, samt legge delar av møteaktiviteten til etter ordinær arbeidstid, slik rådmannen hadde tilrådd. Det skapte stor debatt rundt bordet.



Skeptisk til nedlegging


- Det er kommunestyret som har bede om ei vurdering av den politiske organiseringa i kommunen, for å sjå om der er pengar å spare. Etter mi meining er Bremanger kommune overdimensjonert med omsyn til politiske organ. Vi har langt fleire enn vi treng ifølgje lovverket. Når andre sektorar må spare, kvifor skal ikkje vi gjere det, spurde ho.

- Eg er ikkje så sikker på om vi vil spare noko som helst ved å legge ned utval, det fører berre til tettare møte i dei utvala som er att, meinte Einar Kjerpeseth (Sp).

Han kunne gå med på å slå saman oppvekst og kultur med levekår, men var skeptisk til å gå særleg lenger.

Vil styrke demokratiet


Varaordførar Nina Grotle (Ap) var samd i at noko må gjerast, men meinte det var svært uheldig å legge møta på kveldstid. Det vil gå ut over fritida til dei folkevalde, det blir større belastning på den enkelte, og det vil vere eit negativt signal i høve nyrekruttering til kommunalpolitikken. Harry Gulestøl (H) meinte også at møte på kveldstid er uheldig, spesielt for småbarnsforeldre. Men han såg det positive i å legge ned sektorutval, det vil etter hans syn skape større engasjement i kommunestyret, og dermed styrke demokratiet.

Drifts- og miljøutval


Ordførar Kåre Olav Svarstad føreslo at i staden for å fjerne alle utval, bør ein vurdere å opprette eit driftsutval som kan førebu saker for kommunestyret. Dette kunne dei andre politikarane gå med på, og det vart til slutt samrøystes vedteke å legge ned plan- og utviklingsutvalet, levekårsutvalet, oppvekst- og kulturutvalet og teknisk utval og miljøutvalet med verknad frå 1.juli.

Samstundes blir det oppretta eit drifts- og miljøutval på sju medlemer, valde av og blant kommunestyret sine representantar. Som eit tredje punkt skal det før neste valperiode vurderast å redusere talet på representantar i kommunestyret og formannskapet. Som ei følgje av dette må delegasjonsreglementet tilpassast den nye strukturen.

Artikkeltags