Kuttar kraftig i omsorgstenesta

Foto:

Av
Artikkelen er over 10 år gammel

- No skal det skjerast ned på pengebruken, seier rådmann Tom Joensen.

DEL

Robek-kommunen Bremanger har ikkje råd til å bruke 62,5 millionar kroner på 300 brukarar av pleie- og omsorgstenesta. No skal kostnadene ned med 11 til 16 millionar årleg.

Bremanger kommune har ei svært god omsorgsteneste for brukarane. Men den er økonomisk uforsvarleg og topptung for ein kommune som slit med økonomien. Det kjem fram i ein drifts- og ressursanalyse Rune Devold AS har gjort på oppdrag frå Bremanger kommune.

– I den økonomiske situasjonen Bremanger kommune er i, må vi sjå kvar vi kan spare og kvar vi kan gjere strukturelle endringar, medan vi samstundes tek vare på kvaliteten. Vi har ikkje råd til å drive som no, seier rådmann Joensen.

Ifølgje Devold si undersøking kan kommunen spare mellom 11,6 og 16,4 millionar kroner på drifta.

Artikkeltags