Gå til sidens hovedinnhold

Kuttar dagkirurgien

Artikkelen er over 13 år gammel

Helse Førde stenger dagkirurgien ved Nærsjukehuset på grunn av kirurgmangel.

Helse Førde avviklar sengeposten ved Nærsjukehuset til påske, og varslar samstundes stenging av dagkirurgien frå 1. mai til 18. august. Dei begrunnar stenginga med kirurgmangel, etter at Barbara Auras, Trygve Nybø og Odd Husebø alle gjekk ut i ulike permisjonar.

I eit brev til kommunen varslar Helse Førde også at dei snarast etter avvikling av sengeposten skal starte opp spesialistpoliklinikk i Florø, det gjeld aktivitetar kring lungespesialist Bianca Lamm, KOLS- skule og poliklinikk for hud.

Helse Førde seier i same brevet ifrå om at dei ikkje lengre treng tenestene til det kommunale kjøkkenet som ligg i kjellaren på sjukehuset, og at legevaktsentralen i april vil bli flytta tilbake til SMS, slik Flora kommune ønskjer.

Les meir om sjukehussaka i papirutgåva torsdag.