Torsdag vart Florø-artisten intervjua på God Morgen Norge på TV2, og snakka mellom anna om Asperger syndrom.
Kurt-Arve (38) fekk diagnosen Asperger syndrom for fire år sidan.
Asperger syndrom vert kjenneteikna ved milde autistiske trekk, og vert ofte kalla høgtfungerande autisme; ei medfødd utviklingsforstyrring hos menneske som kan ha vanskar med sosial omgang og kommunikasjon. Dei har også vanskar med å oppfatte sosiale spelereglar, normer og andre forventningar.
-Det er enklare å leve med Asperger som vaksen, for som barn fekk eg ganske mykje kjeft, fortel Kurt Arve til TV2.
- Her kan du sjå video av intervjuet:
God Morgen Norge!
Nederst i TV2 si sak er det videoklipp frå Kurt-Arve si farmføring av "Then rainy days are not so sad" i same program.
I kveld skal Kurt-Arve spele på Hjørnevikhagen, som ein av fleire artistar i arrangementet "Ad undas, Florø?". Les meir her: Ad Undas, Florø?