Du veit at sønnavinden er sterk når osloflyet må lande i Vadsø i staden

DATAKRØLL: Ein feil i datasystemet gjorde at ruta mellom Tromsø og Sørkjosen viste i ruteprogrammet for Florø lufthamn. Dette bildet er frå Hammerfest flyplass.


Foto: Ole Berg-Rusten / NTB Scanpix

DATAKRØLL: Ein feil i datasystemet gjorde at ruta mellom Tromsø og Sørkjosen viste i ruteprogrammet for Florø lufthamn. Dette bildet er frå Hammerfest flyplass. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB Scanpix Foto:

FLORØ: Ifølge Widerøe vil flyet ta ein omveg på 1452 kilometer.

DEL

Onsdags morgon, som så ofte den siste veka, var ei rekke helikopteravgangar ved Florø lufthamn innstilt på grunn av den sterke vinden. Det har også vore ein del problem med flyavviklinga: 06.20-flyet til Oslo var til dømes innstilt. Men ut frå Widerøe si ruteoversikt, kan ein nesten tru at vinden ved einskilde avgangar er venta å bli i overkant kraftig. For i ruteprogrammet over avgangar frå Florø lufthamn står det nemleg at flyet til Oslo som går klokka 13.18 vil lande i Vadsø, og ikkje i Oslo (Sjå bildet under).

– Eg veit mange i Florø nok kunne tenke seg fleire avgangar, men operasjonssenteret vårt må berre beklage at det ikkje blir avgang frå Florø til Vadsø i dag, seier pressekontakt Catharina Solli i Widerøe og ler:

– Dette er ein feil i datasystemet. Den tekniske feilen har gjort at Widerøe si rute WF 0974 frå Tromsø til Sørkjosen har snike seg inn i ruteprogrammet til Florø lufthamn. Flyet er allereie trygt på veg til Sørkjosen, seier ho.

Og det er ikkje så veldig aktuelt å opprette ruta Florø-Vadsø: Det er vel langt for Widerøe sine Dash 8-fly å fly alle dei 1452 kilometrane mellom Florø og Vadsø utan mellomlandingar for å fylle drivstoff.

– Men hadde vi hatt skikkeleg medvind og full tank, ville vi kanskje klart det, humrar Solli.

Ein siste fun fact; Widerøe si kortaste rute går frå Vadsø til Kirkenes. Det er ein flytur på 8 minutt. Skulle du køyre den same ruta med bil, tar det 2 timar og 46 minutt.

Artikkeltags