Gå til sidens hovedinnhold

Kunsten å trø vatnet

Artikkelen er over 15 år gammel

Leiar Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for avisa si haldning.

Dei aller fleste plassar i landet er det heldigvis slik at om ein opnar kjøkenkranen, kan det vatnet som kjem ut brukast til det aller meste. Slik har det dessverre ikkje vore for folk i Svelgen dei siste månadene.

Det har blitt sagt mykje, og truleg vil meir bli sagt, om den uheldige omlegginga av vassforsyninga til svelgarane. Det skal vil late ligge i denne omgangen. Det som undrar oss er at informasjonen ut til brukarane om det forureinsande drikkevatnet er så grumsete, om ein kan bruke eit slikt uttrykk.

Ein ting er å fortelje folk at vatnet må kokast på ubestemt tid. Men kommunen har etter vårt syn også ei plikt til å informere om kva rettar folk har når ei så viktig tenesteyting som vassforsyning vitterleg er, ikkje held mål.

Når folk må koke alt vatn til drikking og matlaging, så kostar det pengar. Når folk må kjøpe dyrt kjeldevatn på flasker og dunkar, så kostar det også pengar. At det må avisoppslag til for at kommunen kjem på bana og informerer skikkeleg om folks rettar, er betenkeleg.

Teknisk sjef i Bremanger, Ole Bjørn Førde, skal ha ros for at han tek klagesaker på alvor og at han held døra open for at innbyggjarar både kan få redusert vassavgift og kanskje også refusjonar for kjøp av flaskevatn. Spørsmålet er berre kvifor bygdefolket må stå fram i media for at denne informasjonen skal kome ut til alle som har rett på den.

Vi veit som alle andre at Bremanger kommune ikkje sit på den største pengesekken, og at dette faktisk kan bli dyrt for kommunekassa om ikkje bakterieproblemet snart blir løyst. Spørsmålet er berre om ikkje det fort kan bli dyrt for kommunen dersom einkvan får alvorlege helseproblem som følgje av forureinsa vatn, og samstundes kan vise til at informasjon om faktiske forhold, rettar og plikter har vore sviktande. Laurdag fortalde Firdaposten om Vigdis Lønnøy, som både føler seg usikker på vasskvaliteten, om det kjem forbetringar, om kva rettar ho har og kva det ureine vatnet betyr for henne, som tidlegare kreftpasient og med dårleg immunforsvar. Lønnøy er neppe den einaste som føler uro, og det er dette kommunen ikkje har tatt alvorleg nok: folk får nedsett livskvalitet i kvardagen, fordi dei veit for lite og føler seg utrygge.

I tillegg vil vassproblema også bli ei aukande utfordring utover våren. Ein ny turistsesong står for døra, og dersom ikkje Bremanger kommune har løyst problema i Svelgen innan den tid, så skal dei prise seg lukkelege for at dei fleste utlendingar ikkje er vande med at vatn frå springen kan drikkast.