Kjetil Alisøy med band imponerte salen, medan LO delte ut kunstnarstipend til unge kunstnarar.

Stipendvinnarar: Anna Sofie Moe, Britney og Ben Jeffrey Benert saman medSolbjørg Grøneng frå Sparebank1 og Marie Kronen Tveranger frå LO. Foto: Arne H. Johansen

Stipendvinnarar: Anna Sofie Moe, Britney og Ben Jeffrey Benert saman medSolbjørg Grøneng frå Sparebank1 og Marie Kronen Tveranger frå LO. Foto: Arne H. Johansen

Artikkelen er over 1 år gammel

Tre unge Flora-kunstnarar fekk tildelt kunstnarstipend, men det var Kjetil Alisøy og hans band som stal showet.

DEL

Torsdag kveld inviterte LO til informasjons og kulturkveld i Flora Samfunnshus. På scena sto Kjetil Alisøy med band, og dei lokka også med utdeling av kulturstipend til tre lokale talent. Kjetil Alisøy, med god hjelp frå Eirik Husabø, Arild Brandshaug, og ikkje minst Oda Alisøy starta moroa med eit personleg og emosjonelt sett som imponerte dei som var møt fram. Når dei skal spele live neste gong er det ingen som veit, men vi tilrår alle å få det med seg når det skjer.

Talent

Etter litt info frå LO var det klart for utdelinga av kunstnarstipenda, og først ut var Anna Sofia Moe. Ho har tidlegare vore med i Norske Talenter med songstemma si, men stipendet fekk ho for å utvikle sitt talent for billedkunst. Marie Kronen Tveranger grunngav utdelinga av stipendet slik:

– Anna Sofie er ei veldig modig jente. No satsar ho på bildekunst, og viser at ho har talent. Det første bildet ho malte, som heiter «Elefanten» er det mange som har prøvd å kjøpe, men ho har bestemt seg for at det vil ho ikkje selje. Ho har tidlegare vore veldig introvert, men var med i Norske Talenter for nokre år sida og kom langt. Eg snakkar gjennom kunsten seier ho, og det synest eg er veldig fint sagt.

Satsar på friidrett

Dei to andre talenta som fekk stipend var, ikkje overraskande, søskenparet Ben Jeffrey og Britney Benert. Begge to hevdar at dei eigentleg har musikken berre som ein hobby. At det er friidretten dei satsar på. Likevel held dei eit imponerande høgt nivå også musikalsk, noko dei også demonstrerte i Samfunnshuset denne kvelden.

– Ben Jeffrey og Britney er utruleg talentfulle begge to. Sjølv om dei seier at dei satsar på hekkeløp er dei utruleg dedikerte og legg ned mykje tid på musikken også. Eg har sagt til dei at dei må satse på musikken, seier Tveranger, som er imponert over kor mange unge talent vi har her i kystbyen.

Artikkeltags