Kunnskaps- ministeren på besøk

Foto:

Artikkelen er over 12 år gammel

Tysdag 26. februar kjem kunnskapsministeren til Sunnfjord, og skal sitte i panel med mellom andre Anne Leversund, leiar i FAU ved Flora ungdomsskule.

DEL

Kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell kjem til Førde tysdag 26.02. Han skal innleie til debatt om kvalitet i skule og barnehage. Utdanningsforbundet sine lokallag i Sunnfjord er arrangørar. I tillegg til eigne medlemmer inviterer Utdanningsforbundet alle kommunestyrerepresentantar i Sunnfjord til å delta i debatten.

- Vi er veldig stolte og glade for å få kunnskapsministeren på besøk, seier lokallagsleiarane i Sunnfjord.

Debatten skal haldast i Førdehuset, i tillegg til Bård Vegar Solhjell vil følgjande sitje i panelet:

Gunn Marit Haugsbø, leiar Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane

Jenny Følling, ordførar i Gaular

Anne Leversund, leiar FAU Flora ungdomsskule

Frank Willy Djuvik, gruppeleiar Frp Førde

Anne Mette Hjelle skal leie debatten.

Panelet er breitt samansett for best mogleg å få fram ulike synspunkt i denne viktige og svært aktuelle debatten, melder Utdanningsforbundet.

Artikkeltags