Gå til sidens hovedinnhold

Kultursjefen sluttar i Bremanger

Artikkelen er over 15 år gammel

SVELGEN: Kultursjef Gunhild Berge Stang har sagt opp stillinga si i Bremanger kommune.

Ho skal begynne som rådgjevar i kulturavdelinga i Fylkeskommunen og ha kontor i Førde.

- Eg fekk tilbod om ein ny spennande jobb og etter å ha vegd fram og tilbake har eg takka ja. Eg sluttar ikkje i Bremanger fordi eg mistrivst på nokon måte. Eg har hatt ei spennande og lærerik tid, seier ho.