– Det er for seint å gi opp no

    KULTUR: Laurdag kveld spelte Odd-Erik Lothe for eit fullstappa Vesle Kinn. Visesongaren har framleis ambisjonar med musikken sin.

    DEL

    Firdaposten tok turen innom Vesle Kinn laurdag ettermiddag. Der var Odd Erik Lothe og Line Dybedal i full sving med å øve til kveldens konsert. Vi fekk lov til å filme eit par songar, og i ein liten pause fekk vi ein liten prat med hovudpersonen. Odd-Erik fortel at han framleis har ambisjonar for musikkarrieren.

    Liv etter Fabel

    – Eg ønsker meg framleis eit større publikum ja. Eg får gjere Oddvar Torsheims ord til mine. Det er for seint å gi opp no, ler låtskrivaren og musikaren som til dagleg jobbar som lærar ved sida av karrieren som musikar. Framleis er det slik at det er umogleg å skrive om han utan å trekke fram bandet Fabel, som nådde toppen for drygt 20 år sidan med plata «Flørt» som blei nominert til sjølvaste Spellemannsprisen.

    – Nå er det mange artistar som kjem frå fylket og når ut til folk. Som Kjartan Lauritzen med fleire, men den gongen var det vel nesten berre oss. Fabel var store i Sogn og Fjordane.

    Men nordfjordingen har hatt eit langt musikkliv etter at Fabel blei lagt på is. Han spelar med Finn Tokvam og Halvor Folgerø i Finn Erix. Med Krom og Green Granadas går det i rockabilly. Visesongen er det bandet som ber hans namn, Lothe, som tek seg av. Han har framleis eit publikum som møter opp for å høyre han spele og synge, og dei kjem ikkje berre for å høyre gamle slagerar.

    – Til mi store glede opplever eg at folk kjem på konsertane, og at dei nye låtane er minst like etterspurt som dei gamle. Det finst altså eit liv etter Fabel.

    Nytt materiale

    Låtsnikkaren er aktuell med ny plate i haust. Albumet «Songar» er ein oppsummering av ei karriere som strekkjer seg over nesten 30 år. Plata er delt i to delar. Ein som har fått namnet «Då», der dei gamle songane har blitt spelt inn på nytt. Det meste av dette materialet har tidlegare blitt gitt ut med Fabel, men her kjem dei altså i ny drakt. Del to heiter naturleg nok «No», og er både heilt ferske, nye innspelingar, og godbitar som har vore gitt ut før, mellom anna med bandet Lothe. Plata er kanskje ei oppsummering, men den er ikkje eit punktum.

    – Eg jobbar med nytt materiale til det som skal bli neste plate. Vi spelte faktisk ein heilt ny låt for første gong i Førde i går. Vi får sjå, kanskje vi spelar noko nytt her i kveld også.

    – Korleis er det økonomisk å vere musikar i Spotify sin tidsalder? Kjøpar folk framleis CD-ar?

    – Vi artistar tener ikkje pengar på Spotify, det er berre smular, men radiospeling kastar litt av seg. Elles er det konsertane vi tener pengar på. Vi sel ein del CD-ar på konsertane våre, men elles er det vel ikkje nokon som kjøper CD-ar over disk no for tida.

    Helgeunderhaldninga

    Eva Weel Skram skapte seg ei karriere gjennom «Idol», og fekk eit nytt oppsving etter å ha vore med i «Hver gang vi møtes». Adam Douglas blei heile Norge sin Adam etter å ha vore med i «Stjernekamp». I ei tid der dei store avisene køyrer låt for låt-dekning av song-konkurransar på TV, medan det knapt blir skrive platemeldingar lenger kan det virke som om vegen til stjernene går gjennom helgeunderhaldninga. Er det der draumen ligg for nordfjordingen?

    – Veit du, eg trur ikkje eg hadde orka, seier Odd-Erik Lothe, før han tek seg i det. Jau, hadde han fått tilbodet hadde han nok gripe sjansen med begge hendene.

    Oppfordringa er hermed sendt. Mannen bak perler som «Til deg», «Hold ut og svøm» og «Jordbær og Grasbrann» fortener eit større publikum.

    Artikkeltags