Er du ung og har eit talent du vil vise fram? No kan du melde deg på UKM 2019

MELD DEG PÅ: Anten du teiknar, målar, spelar, syng eller driv med andre kulturformer, er UKM ein flott arena å vise seg fram på. Her ser du Amalie Rosalina K. Ytre-Hauge frå Bremanger, som i vår gjekk vidare til landsfinalen i UKM i Trondheim.

MELD DEG PÅ: Anten du teiknar, målar, spelar, syng eller driv med andre kulturformer, er UKM ein flott arena å vise seg fram på. Her ser du Amalie Rosalina K. Ytre-Hauge frå Bremanger, som i vår gjekk vidare til landsfinalen i UKM i Trondheim. Foto:

Av

FLORØ: UKM rullar vidare, og 1. november opna påmeldinga for 2019-utgåva av den store kulturmønstringa.

DEL

Er du mellom 13 og 20 år og har lyst til å delta i UKM? 1. november opna påmeldinga til UKM 2019, melder fylkeskommunen i ei pressemelding.

Du melder deg på via nettsida til UKM Sogn og Fjordane. Der finn du også kontaktinformasjon til dei ansvarlege i kommunen din.

UKM står for Ung Kultur Møtest, og er ein møteplass for ungdom som driv med kulturaktivitetar. Du kan delta med alle slags kulturuttrykk. Du kan også delta som konferansier, arrangør og i UKM Media.

Kvar kommune vel under lokalmønstringane ut ungdomar som får representere kommunen på UKM-festivalen Sogn og Fjordane.

Lokalmønstringane vert arrangerte i perioden februar til mars. UKM-festivalen Sogn og Fjordane vert i Nordfjordhallen i Vågsøy 29.–31. mars 2019.

Sogn og Fjordane sender om lag 30 deltakarar frå fylkesfestivalen til den nasjonale UKM-festivalen, som blir arrangert 24.–28. juni 2019.

 

Artikkeltags