Nei, vi tullar ikkje: Snart blir det teaterframsyning her

Dagsturhytta på Fløgjen vest av Hatlesetnipa i Flora, skal no lokke deg på besøk med både bibliotek- og teatertilbod.

Dagsturhytta på Fløgjen vest av Hatlesetnipa i Flora, skal no lokke deg på besøk med både bibliotek- og teatertilbod. Foto:

Florø: Og som om ikkje teater var nok: No har dagsturhytta på Fløgjen også fått sitt eige bibliotek.

DEL

Flora folkebibliotek inviterer deg no til tur og teater på dagsturhytta Fløgjen på Hatlesetnipa. Den kulturelle fjellturen er ein del av ei større satsing som starta i juni, der Sogn og Fjordane fylkesbibliotek og folkebiblioteka står bak ei felles satsing - kanskje for å lokke dei meir kulturelle av oss ut på trimtur.

1. september er datoen når Aldateateret byr på forteljarteater med framsyning av «Gilgamesh - kongen som nekta å døy», framført av Rolf Losnegård.

- Flyktningar og innvandrarar vert spesielt inviterte til arrangementet. Målet er å skape  gode møte mellom nye og etablerte innbyggjarar i kommunane våre, og å leggje til rette for felles natur- og kulturopplevingar, seier Siri Ingvaldsen, fylkesbiblioteksjef i Sogn og Fjordane.

Vil byggje samhald

Ingvaldsen strekar under at møteplassar som dette kan bidra til å byggje tilhøyrsle og samkjensle i lokalsamfunna.   

– Vi ynskjer både å gjere kjent den norske turtradisjonen og å inspirere fleire til turglede og uteaktivitet. Tanken er å kombinere norsk tradisjon og kultur, friluftsliv og nynorsk språk med formidling av litteratur frå eit av områda vi har teke imot flyktningar frå, seier Ingvaldsen.

Dagsturhyttene  har no også fått små nynorske bibliotek, og eit viktig mål med turneen er òg å synleggjere bibliotektilboda i kommunane.

Dagsturhytter og kultur

Dagsturhytteprosjektet er eit initiativ frå Sogn og Fjordane fylkeskommune for å bidra til betre folkehelse. I løpet av 2019 vil alle kommunar i Sogn og Fjordane få si eiga dagsturhytte.

Dagsturhyttene er utrusta med eit turbibliotek som skal stimulere til lesing og gjere kjend nynorsk litteratur. Prosjektet er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sparebankstiftinga til Sparebanken Sogn og Fjordane og kommunane sjølve.

Målet er fysisk aktivitet og bibliotek for alle.

– For mange er biblioteket ein kjend og etablert møteplass, og no kan ein også oppleve biblioteket i den frie naturen. Med dagsturhytter i alle kommunar i fylket har biblioteka fått nye mogelegheiter til å nå ut med sine tenester, fortel Eli Eidsvik, biblioteksjef ved Flora folkebibliotek.

Verdas eldste nedskrivne forteljing
 

Forteljeteateret publikum skal få oppleve på dagsturhytta er «Gilgamesh – kongen som nekta å døy», ei framsyning Losnegård nyleg har spele på Litteraturhuset i Bergen og rundt om i Sogn og Fjordane. I denne tilpassa versjonen av teaterstykket møter den gamle forteljinga det norske eventyret. Forteljinga er opphaveleg eit epos frå eit område i dagens Irak, og byggjer på Losnegård si bok om Gilgamesh, ei gjendikting til nynorsk, engelsk og arabisk.

Dramatikar, og no også skodespelar, Rolf Losnegård, trur det vert både spennande og inspirerande å bruke norsk natur som arena for den nesten 5000 år gamle forteljinga om kong Gilgamesh.

– Dette er jo historia om ein villmann av ein konge som nekta å døy, seier Rolf. Og faktisk er det vel nett den kjensla du kan få når du står på ein stupbratt norsk fjelltopp – ei fantastisk kjensle av å vere udødeleg!

Fleire arrangement i vente
 

Fylkesbiblioteket har fått stønad frå Nasjonalbiblioteket til tre ulike arrangementsrekkjer på dagsturhyttene i 2018 og 2019. Ved å leggje turnear til dagsturhyttene vert  folkebiblioteka sine aktivitetar synleggjorde på nye arenaer. Slik når dei ut til eit breiare publikum.

Artikkeltags