Nærmare Tir n'a noir kjem dei ikkje

Vamp har sagt ja til Svanøy og låveprosjektet, og spelar konsert på Hovedgården laurdag 22. juli.

Vamp har sagt ja til Svanøy og låveprosjektet, og spelar konsert på Hovedgården laurdag 22. juli. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Då Øyvind Staveland og Vamp fekk høyre om låveprosjektet på Svanøy, sa dei ja på strak arm. No er dei klare for Svanøy laurdag 22. juli.

DEL

Vamp har svært få konsertplanar i 2017. Men samtidig har Haugesund-bandet ein "svakheit" for spennande konsertkonsept, noko dei mellom anna beviste då dei spelte høgt oppi lia på Stigen gard i Nærøyfjorden i 2013. Då Johan Trygve Solheim tok kontakt i vinter og fortalde om planane for å gjere Svanøy Hovedgård sin låve om til eit kunst- og kultursenter for øysamfunnet og utfordra Vamp på å halde opningskonserten, var responsen umiddelbar og tydeleg: Vi kjem!

Kamp mot klokka

- Dette blir ei stor oppleving. Vi snakkar om eit av Norges aller mest kjende band, med ein særleg sterk standing her i vest. Låveprosjektet er under full utvikling. Det blir ein kamp mot klokka å få alt ferdig. Vi hadde tenkt ein backup med å køyre konsert utandørs i hagen til Hovedgården dersom tida spring frå oss, men no ser det faktisk ut til at låven skal vere klar i tide. Men det blir på håret, seier Solheim.

Les også: Fjøs skal bli kulturell storscene

I praksis betyr det at IVest Consult er ferdig med sine planar for låveombygginga. Representantar frå fylkeskommunen var på synfaring på Svanøy sist veke, og ifølgje Solheim var det tommelen opp på alle område.

- Det betyr at våre planar ikkje er i konflikt med eventuelle vernerestriksjonar. Vi fekk ros for planane våre, og det kjennest godt, seier Solheim.

Øyadans etterpå

Han har allereie alliert seg med andre kulturkrefter på øya, så i tillegg til hovudattraksjonen Vamp, blir det oppvarmingsmusikk og det blir spelt til dans etterpå i lokala til Norsk Hjortesenter.

Solheim strekar under at arbeidet som skal gjerast med låven for å vere klare til Vamp-konserten, berre er ein sped start.

- Vi må investere mellom ein og tre millionar kroner fram mot 22. juli. Men vi skal ta dette mykje lengre på sikt. Slik sett blir Vamp-konserten 22. juli berre ei markering av starten på låveprosjektet vårt, seier Solheim, som i går gjekk i møte med Fjord1 for å gjere avtalar om båtlogistikk til og frå øya på konsertdagen.

Billettsalet startar fredag

Låvekonserten vil ha plass til 400 tilskodarar. Samtlege med konserbillett har fri adgang til dansen seinare på kvelden på Norsk Hjortesenter. Billettane til konserten blir lagt ut fredag hjå selskapet ticketco, der ulike pakkeløysingar med konsert, mat, transport og overnatting kan kjøpast.

- Etter konserten vil vi organisere buss-skyss frå Svanøybukt til Kvalstad og Hjortesenteret - eller folk kan spasere over øya i godt sommarver. Vi vil også legge til rette for at folk kan kome og overnatte i eigen båt, seier Solheim.

Les meir om Vampkonserten og låveprosjektet i fredagsutgåva av Firdaposten.

Artikkeltags